BLI BETRE KJEND MED VEGAR GRANVOLD BERNTSEN

Vegar kjem frå Elverum der han har vore reservekeeper dei siste åra.

Tidlegare klubbar: Elverum, Kvik, Nardo, Nybergsund

Vegar kjem frå Elverum der han har vore reservekeeper dei siste åra. Kva gjorde at nettopp Hødd blei din neste klubb?
 
- Hødd er ein tradisjonsrik klubb med gode fasilitetar, samt at ein del gode keeperar har kome til toppfotballen der i frå. Eg har lyst til å bidra til å få klubben opp igjen!
 
Kjende du til klubben før du var her på prøvespel tidlegare i vinter?
 
- Ikkje så alt for mykje, men eg minnast godt cupfinala i 2012! Så har eg ein tidlegare lagkamerat i Elverum som spelar her, Robin Hjelmeseth.
 
Har du funne deg til rette i laget og ellers i byen?
 
- Eg føler at eg har funne meg godt til rette blant lagkameratar og i byen ellers. Laget har teke meg godt i mot og eg føler at det er eit godt samhald
 
Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
 
- Eg har fullført ein bachelor i marknadsføring. Eg gjekk på gitarkurs i 4 år faktisk, så eg er ein stødig gitarist! Så om Vassendgutane eller Rotlaus treng ein gitarist så er det berre å ta kontakt!
 
Korleis ser din kvardag ut?
 
- Kvardagen går i trening og å trene born på Hødd Ekstra. Eg leitar også etter jobb, så om det er noko som dukkar opp er eg interessert!
Annonse: