BLI BETRE KJEND MED NETAN NICO SANSARA

Netan kom frå den svenske klubben Gefle som i fjor spelte i Superettan.

Tidlegare klubbar: Walsall, Dundee, AFC Telford United, Corby Town, PAEEK FC, FC Vestsjælland, Boston United, Fredrikstad, FC Edmonton, Gefle.
 
Du har flytta inn på Høddvoll Panorama og har kanskje den beste utsikta over Høddvoll. Korleis har det vore å flytte til Ulsteinvik, som er ein litt mindre by enn du har budd i tidlegare?
 
- Det er ein flott plass å bu, utsikta og å bu nært sjøen er alltid fint! Alle eg har møtt i Ulsteinvik har vore vennlege mot meg noko som gjer at det har vore enklare å busette seg. Folket i Ulsteinvik er heldige som har denne flotte utsikta! Den er heilt fantastisk!
 
Har du kome deg til rette i klubben og i Ulsteinvik?
 
- Ja, det har eg. Eg trivst i alle fall så langt! Gutta på laget har teke godt i mot meg, så eg føler meg allereie en av laget. Eg har lyst til å gi ei ekstra takk til André Nevstad som har hjelpt meg å kome meg til rette og han har teke vare på meg, han er ein stor grunn til at eg nettopp valde Hødd!
 
Den Engelske midtstopparen har tidlegare spelt mot Hødd på Høddvoll, då som kaptein for Fredrikstad. Korleis var det å kome til Ulsteinvik og møte Hødd?
 
- Eg hugsar at eg spelte på den gamle stadionen, å kome frå England og å spele på gras er alltid fint. Eg hugsar at det var kaldt og vått her oppe. Dei gangane eg har spelt mot Hødd, så har eg ikkje vunne – dei var alltid eit vanskeleg lag å møte som hadde sterke og energiske spelarar. Den kampen eg kanskje hugsar mest er opningskampen på nye Høddvoll Stadion i 2015, der var det mange supportarar og ei flott atmosfære.
 
 
Du er ein av dei eldste i årets Hødd-lag. Kva vil du tilføre det unge laget?
 
- Eg vil tilføre ein høg standard når det kjem til å ville vinne kvar dag, uansett om det er på trening eller i kamp. Det er viktig for oss fotballspelarar å ha høge standarar i alt vi gjer og å streve etter å bli betre. Vi har ei forholdsvis ung gruppe og eg håpar eg kan være ein leiartype, som kan hjelpe dei unge å utvikle seg både på og utanfor bana.
 
Fortel noko folk flest ikkje veit om deg:
 
- Eg starta med ei bachelor utdanning innan sport for 3 år sidan, noko som gir meg eit lite avbrekk frå fotballen. Ellers så held eg på å bygge eit hus i Fredrikstad med kjærasten min, så det går ein del tid til planlegging der også. Så dagane mine er stort sett travle. Eg har mykje å gle meg til i framtida!
 
Korleis ser kvardagen din ut?
 
- Om eg ikkje gjer noko som eg svarte på tidlegare så tek eg meg gjerne ein spasertur eller ein kopp kaffi i sentrum.
Eg gler meg utruleg mykje til seriestart som er om eit par veker, eg ser fram til sesongen og alle oppturar og nedturar som kjem. Det er derfor eg elskar fotball!
Annonse: