Badr klar for Hødd

Spissen har signert ei 2-årskontrakt.

Badr Rahhaoui kjem frå Fredrikstad FK, der han i fjor spelte sju kampar i OBOS-ligaen og NM.

19-åringen har 29 kampar på aldersbestemte landslag for Noreg, og har i vinter blant anna trena med Borussia Dortmund.

Etter å ha gjort det bra på prøvespel i Hødd, blir det no spel i blåkvitt dei neste to åra for Badr.

- Eg er klar til å gi 100% for Hødd i kvar kamp og på kvar trening. Målet denne sesongen er å skåra mange mål, ha mange assist og bidra til at Hødd rykker opp til OBOS-ligaen, seier spissen.

Han starta karriera i Sarpsborg FK, før han vart henta til Sarpsborg 08 foran 2013-sesongen. Sesongen 2015 var han lånt ut til Kvik Halden i PostNord-ligaen, før han i fjor spelte for Fredrikstad FK i OBOS-ligaen.

Hødd-trenar Sindre Eid seier følgande om nysigneringa:

- Badr er ein spelar med stor kapasitet og stor fart. Han er ung og har eit stort potensial, og det potensialet skal vi få til å blomstre i Hødd.

Annonse: