Badr klar for Førde

Badr har signert for Førde og skal spele for dei ut sesongen.

Badr Rahhaoui kom til Hødd i mars 2017 frå Fredrikstad FK og står oppført med 25 kampar og 4 mål i Hødd-drakta i PostNord-ligaen og NM etter han signerte for klubben i fjor. I tillegg har han spelt 18 kampar og skora 5 mål for Hødd 2. 

- Badr har fått mindre speletid på A-laget denne sesongen, og vi har hatt ein dialog med han om situasjonen hans med tøff konkurranse på spissplass og mindre førstelagsfotball. Vi håper Badr kan blomstre i eit nytt miljø og med nye utfordringer og hjelpe Førde med å berge plassen i divisjonen. Badr er ein flott og positiv gutt som har bidratt positivt i spelargruppa, og vi ønskjer å takke han for innsatsen og ønskjer han lukke til vidare, seier Sportssjef André Nevstad.

Han vil få sin første kamp i Førde-drakta allereie i laurdagens kamp mot Brodd.

Annonse: