Årets siste heimekamp!

Hødd tek i mot Hønefoss BK til årets siste heimekamp på Høddvoll laurdag 14. oktober kl. 13.00! Merk tidspunktet!

Hødd er i god form og står med åtte kampar på rad utan tap. Forrige heimekamp vart det 3-2 siger over Vindbjart. Det avgjerande målet kom i sluttsekunda etter skoring av Håkon Brautaset. 

Sjå høgdepunkt frå kampen her

Laurdag kl. 13.00 er Hønefoss BK motstandar og laget er plassert på plassen bak Hødd. Bortelaget er også eit av formlaga i divisjonen og er kun slått av Notodden om vi ser tilbake dei siste 10 kampane. Det er derfor eit lag i form som gjestar Høddvoll laurdag. 

Kjøp billett til kampen her

Vi håpar å sjå deg på kamp når Hødd spelar årets siste heimekamp på Høddvoll!
Annonse: