ÅRETS FYRSTE 3 POENGAR FOR HØDD 2!

Hødd 2 tok sin fyrste 3 poengar i Norsk Tipping-ligaen avd 1 etter ein sterk 3-0 siger over Follo FK heime på Høddvoll.

KAMPINFO

Hødd 2 - Follo FK 3-0 (3-0)
Målskorarar: Magnus Myklebust, Robin Hjelmeseth, Eirik Franke Saunes.

1.omgang

Kampen opna med ei ballvinning høgt i bana, der ballen etter kvart enda opp i beina til Magnus Myklebust som sette sikkert inn 1-0.
Det var eit stort tempo frå begge lag - både offensivt og defensivt. Kampen haldt fram ved at bortelaget hadde ballen mest, men Hødd forsvarte seg bra.
Etter 27 min kom 2-0 ved Robin Hjelmeseth etter eit godt slått frispark av Bam Hide. Få minutt seinare var 3-0 eit faktum når Eirik Franke Saunes sette eit frispark frå høgre side rett i krysset.
Resultatet stod seg også til pause, sjølv om begge lag hadde moglegheiter til å score. 

2.omgang

Etter pause var det snakk om å kontrollere kampen for Hødd sin del. Follo hadde ballen ein del, men dei møtte eit Hødd-lag som forsvarte seg som ein blå vegg!
Gjestane skapte lite, medan heimelaget var farlege og skapte fleire sjansar på kontringer. 
Det vart ingen fleire mål, og Hødd 2 tok dermed sin fyrste siger for året!

Sander Nyland: - Veldig fornøgd med dagens prestasjon

- Veldig fornøgd med dagens prestasjon. Vi er flinke i det defensive spelet vårt og skapar mange målsjanser. Gutta jobba godt og vann svært fortent! Denne sigeren skal vi bygge vidare på!

Tropp

Jonas Bigseth Mathiesen, Daniel Eid, Elias Martin Flø, Peter Saunes Hasund, Sindre Ryttvad Kleiven, Wachirawut Phudithip, Sander Djupvik, Bader Rahhaoui, Eirik Franke Saunes, Magnus Myklebust, Robin Hjelmeseth, Joakim Goksøyr Ulstein, Isak Skare Haanes, Sveinung Tilseth Sæterås, Gustav Brandal Dimmen, Bastian Myklebust Rasmussen, Petter Haddal Worren, Isak Gabriel Skotheim.

Vi gratulerer Hødd 2 med årets fyrste siger!

Annonse: