A-LAGET TIL LUTON PÅ TRENINGSLEIR

Onsdag set a-laget seg på flyet med retning London.

Onsdag set a-laget seg på flyet med retning London. Reisa endar i byen Luton, der vi har fått tilgong til Luton Town sitt treningsanlegg. Dette vert eit positivt avbrekk for laget og ein får høve til å spisse forma inn mot seriestart!

Vinteren har vore kald og stabil. Dette har gjort treningstilhøva ved Høddvoll stadion vanskelege. Difor kom det sterkt signal frå spelarane om å reise på treningsleir. Eit spleiselag mellom spelarar, trenarar og nokre private givarar har gjort dette mogleg. Det vil heilt sikkert bli fem nyttige dagar for laget, både sportsleg og sosialt.

Luton Town sitt treningsanlegg er flott og ein er sikra å trene på gode baner. Dette vil heilt sikkert gjere laget godt fram mot seriestart. Det er planlagt ein internkamp. Utover det blir det lagt vekt på gode treningar. Laurdag skal ein sjå Luton spele viktig opprykkskamp mot botnlaget Barnet. Laget kjem heim måndag og tysdag går turen til Molde der ein skal møte ei blanding av eliteserie- og 3.divisjonslaget.

- Luton hadde vi gode erfaringar med i fjor og knytte kontakt og relasjonar med dei. Vi får gode treningsfasilitetar der borte og gler oss til det. Det sportslege utbytte er sjølvsagt stort, men samtidig får vi jobba med det sosiale som også er svært viktig, seier Sander Håskjold Nyland. 

Vi ønskjer laget god tur til Luton!

Annonse: