9. Serierunde Hødd – Nardo

Mandag 10.juni kl. 16:00 kjem Nardo på besøk til Høddvoll

Etter førre søndags siger på overtid er det klart for ny kamp på Høddvoll igjen. Robin Shroot scora sigersmålet langt ut i overtida og vi kunne sleppe jubelen laust etter ein tøff kamp på Lassa Gress.
 
Om Nardo
Nardo FK er ein bydelsklubb i Trondheim som blei stifta 14. Januar 1971. Trondheimsklubben er ein kjend skikkelse i 2. divisjon. Dei har spelt på nivået sidan 2009, så ein kan kalle dei for ein stabil 2. divisjonsklubb. Mellom 1997 og 2008 veksla dei på å spele i 2. og 3. divisjon, medan storheitstida til klubben var mellom 1992 og 1996. I 1992 rykka dei for fyrste gong opp til 1. divisjon og året etter var dei berre 5 poeng frå å rykkje opp til dåverande Tippeligaen. Dei haldt seg på nest øverste nivå fram til 1996 då dei rykka ned.
 
Nardo siste 5 seriekampar:
 
01.06.19: Nardo – Kvik Halden 2-0
25.05.19: Byåsen TF – Nardo 1-1
22.05.19: (NM) Nardo – Ranheim 0-3
18.05.19: Nardo – Levanger 1-1
11.05.19: Sola – Nardo 2-3
 
Tidlegare oppgjer
Førre møtet med Nardo var siste kampen for sesongen i fjor der vi spelte uavgjort 2-2. Meir enn dette skal vi ikkje rippe opp i. Vi har ikkje vunne over Nardo sidan våren 2017, så dette er ein kamp som vi er svært klare for.
 
27.10.18: Nardo – Hødd 2-2
29.07.18: Hødd – Nardo 2-3
03.09.17: Nardo – Hødd 1-1
20.05.17: Hødd – Nardo 2-0
18.09.10: Nardo – Hødd 1-3
05.06.10: Hødd – Nardo 1-1
17.10.09: Nardo – Hødd 1-0
03.05.09: Hødd – Nardo 2-1
27.10.07: Hødd – Nardo 4-2
14.07.07: Nardo – Hødd 1-4
17.08.96: Nardo – Hødd 0-0
19.05.96: Hødd – Nardo 2-1
 
Vi slo Vidar førre helg med eit mål på overtid etter ein tøff kamp på ein ujamn grasbane. Kva tenker du er viktig å ta med seg frå den kampen inn mot neste kamp, Bendik?
 
- Det er alltid deilig med slitesigrar. Vi har ein vinnarmentalitet som gjer at vi avgjer på overtid, så det blir sjølvsagt viktig å ta med seg inn i neste kamp. I tillegg viser vi at vi er bra bakover, der vi kanskje ikkje er på vår beste offensivt. Mot Nardo bør vi bli bedre framover, samt å bygge vidare på det defensive.
 
Kvifor skal publikum kome på Høddvoll mandag?
 
- Med to sigrar på rad er vi i god form. På heimebane har vi også vist veldig gode takter med framoverretta angrepsfotball, som også har ført til ein del mål. Så om man vil sjå angrepsfotball og gult kort på Daniel, så er det ingen grunn til å ikkje møte opp på Høddvoll i finevêret!
 
TROPP
*Troppa blir lagt ut når den er klar!
 
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
Annonse: