8. Serierunde Vidar – Hødd

Søndag kl. 15:00 møter vi Vidar borte på Lassa Gress!

Førre søndag såg vi eit godt Høddlag som vann 4-2 heime mot Moss. Laget verka å vere på veg i rett retning og vi ser verkeleg fram mot ny kamp! Gutta reiser til Stavanger allereie laurdag for å ladde opp til kampen søndag. Kampen borte mot Vidar vert årets fyrste graskamp og laget har difor trena på gamle Høddvoll heile veka.
 
Om Vidar
Fotballklubben Vidar er ein fotballklubb som kjem frå Stavanger og blei grunnlagt 18. April 1906. Brede Hangeland sin moderklubb er inne i sin tiande sesong i 2.divisjon på rad.
 
Lagets siste fem kampar:
26.05.19: Stjørdals-Blink – Vidar 3-0
16.05.19: Vidar – Arendal 0-1
12.05.19: Brattvåg – Vidar 0-2
05.05.19: Vidar – Byåsen 4-1
01.05.19: Vard Haugesund – Vidar 2-1
 
Tidlegare oppgjer
I nyare tid har vi møtt Vidar fire gongar i 2.divisjon med to sigrar, ein uavgjort og eit tap. Vi må heilt tilbake til 94 og 96 sesongen sidan vi møtte dei i 1.divisjon. Fjoråret klarte vi berre 1-1 på heimebane der det stort sett var spel mot eit mål i heile kampen. Borte mot Vidar på hauseten i fjor tapte vi 1-0 mot eit lag som spelte mykje på fysikk og langballar.
 
09.09.18: Vidar – Hødd 1-0   2.div
20.05.18: Hødd – Vidar 1-1   2.div
29.09.17: Vidar – Hødd 0-3   2.div
11.06.17: Hødd – Vidar 3-0   2.div
08.09.96: Hødd – Vidar 3-2   1.div
16.06.96: Vidar – Hødd 2-1   1.div
28.08.94: Hødd – Vidar 0-1   1.div
05.06.94: Vidar – Hødd 1-1   1.div
 
Vi har teke oss ein prat med Sander angåande kampen til helga. Søndag hadde vi ein god kamp her heime på Høddvoll der vi slo Moss 4-2. Kva er det viktig å ta med seg frå den kampen inn mot oppgjeret på Lassa Gress?
 
- Vi leverte ein god prestasjon i perioder mot Moss, og vi ønsker å gjenskape og bygge vidare på dei gode periodene i den komande kampen mot Vidar. Det vert ein tøff graskamp mot eit lag som er godt organisert og gode i sin måte å spele på.
 
Korleis ser spelartroppa ut? Er det nokre som slit med skadar, sjukdom etc?
 
- Per no er Johannes Sundgot ute med skade og Daniel Eid ute med karantene. Ellers er resten tilgjengeleg til disposisjon.
 
 
Tropp
*Troppa vil bli publisert når den er klar
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Lassa Gress – billettar kan du kjøpe på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite om du er i nærleiken!
 
Du kan sjå kampen på Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider
 
 
Annonse: