4-0 SIGER OVER VÅLERENGA 2

Eit Hødd-lag i god form hadde full kontroll i kampen mot Vålerenga 2 og vann til slutt heile 4-0!


Hødd var storfavoritt før kampen mot Vålerenga 2 etter tre strake sigrar mot Brattvåg, Alta og Eidsvold TF, og heimelaget viste styrke, hadde full kontroll og noterte seg for årets andre storsiger for året i 4-0 sigeren over Vålerenga 2. Solid gjennomført i store delar av kampen!

Hødd tok tidleg leiinga etter 11 min etter skoring av venstrebacken Emil Solnørdal. Eit innlegg vart slått inn mot Emil som i duell med to Vålerenga spelarar kom seg forbi og fekk avslutta rett i mål! 1-0 til Hødd!

Ikkje lenge etter skulle Hødd doble leiinga. Etter 18 min var det Melvin Frithzell som skulle notere seg for skoring. Angrepet starta med flott kombinasjonsspel av Robin Hjelmeseth og Eirik F. Saunes på venstresida. Eirik vart til slutt spelt fri og fekk lagt inn til Simon Texas Silverholt som sendte pasninga vidare til Melvin i betre posisjon. Han tok med seg ballen 3-4 touch og banka ballen til slutt rett i mål bak ein sjanselaus Vålerenga keeper. 2-0 til Hødd!!

Etter 2-0 skoringa kom bortelaget litt meir inn i kampen igjen, men truga aldri noko særleg målet til Hødd.

I andre omgang tok Hødd over føringa igjen i kampen. 

Elias Hoff Melkersen vart bytta inn i det 55 minutt og det skulle ikkje gå lenge før han fortsette i same spor som i førre kamp og sette inn sitt tredje mål i Hødd-drakta. Dette skjedde i 72 minutt då dagens flottaste mål på Høddvoll vart skora! Eirik F. Saunes fann Elias inne i 16-meteren, han vendte opp og plasserte ballen i det lengste hjørnet! Ei kanonskoring av ungguten. 3-0 til Hødd!!

Elias var ikkje nøgd med 1 mål i dag heller og etter 87 min skulle han få si andre skoring! Ei pasning vart slått i bakrom, Elias jaga ballen, kom seg forbi forsvarsspelaren, runda keeper og sette inn 4-0 frå nesten død vinkel. Ein flott prestasjon!   

Det kom ingen fleire mål i kampen og Hødd kunne juble for nye 3 poeng! Heimelaget står no med fire strakte sigrar. 

No står det igjen to seriekampar mot Fløya borte neste helg og heime mot Florø helga etter før sluttspelet starta for alvor. Det er med stor sikkerheit at Hødd blir ein del av topp 7 etter dagens siger!

Vi gratulerer laget med nye 3 poeng!

Vi gratulerer også Nikolas Brandal som i dag debuterte i Hødd-drakta! Kjekt!


Annonse: