24. SERIERUNDE: HØDD - EGERSUNDS

I dag kl. 15.30 møter vi Egersund på Høddvoll!

Den tredje siste serierunda står for tur, og i dag er det Egersunds med tidlegare Hødd-spelar Markus Naglestad som kjem på besøk. Vi er inne i ei god periode og har vunne fem av dei seks siste seriekampane! Vi håpar at du tek turen til Høddvoll i dag og støttar gutta!  
 
Om Egersunds
Egersund er eit idrettslag frå Egersund i Rogaland. Klubben hadde 100-års jubileum den 16.september i år. Egersund ligg på 4.plass, plassen over Hødd med 41 poeng, Markus Naglestad er toppscorar i klubben med 24 mål på 25 kampar i cup og serie.
 
Egersunds siste 5 kampar:
 
06.10.19: Egersunds – Kvik Halden 0-3
29.09.19: Nardo – Egersunds 2-6
22.09.19: Byåsen – Egersunds 0-1
15.09.19: Egersunds – Levanger 1-3
05.09.19: Sola – Egersunds 2-5
 
Tidlegare oppgjer
 
Vi har møtt Egersund fem gongar i 2.divisjon dei tre siste åra. Førre oppgjer tapte vi heile 5-1 på bortebane, så her har vi mykje å revansjere!
 
15.06.19: Egersund – Hødd 5-1
01.09.18: Hødd – Egersund 2-2
13.05.18: Egersund – Hødd 1-1
21.10.17: Egersund – Hødd 1-2
08.07.17: Hødd – Egersund 2-0
 
TROPP
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Daniel Eid, Netan Sansara, Preben Sætre, Glenn Walker, Joakim Wrele, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, William Fjørtoft, Ola Heltne Nilsen, Peter Hasund, Bam Hide, Tobias Hatløy, Sindre Kleiven.
 
* Joachim Osvold, Isak Skotheim, Tobias Bjørnebye og Luc Jeggo er ute med skade.
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen. 
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse: