21. SERIERUNDE: SOLA - HØDD

Søndag kl. 15:00 møter vi Sola borte i Stavanger

Etter førre helgs siger mot Bryne har vi endeleg teke nok eit steg vekk frå botnstriden og kikar oppover på tabellen. Vi møter no Sola borte på gras som er i poengnaud om å berge plassen i divisjonen og unngå nedrykk.
 
OM SOLA
Sola FK blei stifta i 1934 og fyller 85 år i 2019. Klubben held til i Sola kommune som er på utsida av Stavanger. Sola har i dei seinare åra variert mellom 2. Og 3. Divisjon. Dei rykka opp frå 3.divisjon til 2.divisjon i 2018. Sola har hatt ein litt tøff sesong så langt i år og ligg under nedrykksstreken med sine 17 poeng, like mange som Vidar. Dei har berre tre poeng opp til Brattvåg på sikkert plass, så Sola kjem nok til å kjempe med alt dei har resten av sesongen for å prøve å unngå nedrykk.
 
Sola siste fem kampar:
 
15.09.19: Kvik Halden – Sola 4-0
05.09.19: Sola – Egersund 2-5
01.09.19: Nardo – Sola 1-4
24.08.19: Sola – Bryne 0-2
18.08.19: Byåsen – Sola 0-2
 
Tidlegare oppgjer:
Det einaste møtet vi har med Sola er kampen som vi spelte mot dei i sommar. Den kampen vann vi 3-1 her heime på Høddvoll. Peter og Robin S scora eitt og to mål kvar.
 
TROPP:
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Daniel Eid, Preben Sætre, Glenn Walker, Tobias Bjørnebye, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Ola Heltne Nilsen, Joachim Osvold. 
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Sola Stadion – billettar kan du kjøpe på billettkontoret før kampen. 
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
Annonse: