2-1 siger mot Hareid

På fotballens nasjonaldag reiste Hødd 2 til Hareid for nabooppgjer. Det enda med ein fortjent 2-1-siger.

Kampreferat

1. omgang

Hødd 2 var svake i innleiinga - blant anna på grunn av eit godt kollektivt press frå Hareid. Heimelaget var også gode på overgongar, og det fekk dei betalt for etter ti minutt når Ruben-Kenneth Brandal sette ballen i mål med eit godt skot frå 20 meter. Dei neste 15 minutta var Hareid nærmare 2-0 enn gjestane var utlikning, men det kom ingen mål i denne perioden. I staden var det Hødd 2 som "rista" av seg opningssjokket og jobba seg inn i kampen. Frå det 25. speleminutt og til pause var det dei blåkvite som var det førande laget, men ballen ville ikkje i mål før det 44. speleminutt. Eit skot frå Preben Sætre blei blokkert, men Amani Mbedule sette nedfallsfrukta sikkert i mål. 1-1 var eit faktum og stod seg til pause - eit resultat som gjenspegla 1. omgangen.

2. omgang

I 2. omgang var det Hødd som tok tak frå start - og initiativet i omgangen holdt seg gjennom heile kampen, sjølv om Hareid var farlege på nokre overgongar. Det store ballinnehavet og målsjansane enda med fortjent 2-1-scoring signert Eirik Franke Saunes, etter strålande forarbeid av Andreas Breimyr og Preben Sætre. Etter scoringa haldt Hødd 2 fram med å kontrollere spelet og halde mykje i ballen, og Hareid blei springane mykje imellom. Leiinga var aldri særleg trua, men unntak av ei kontring der Hareid sin toppscorar, Martinius Bakken, skaut i nettveggen.

Jobbar oss inn igjen i kampen

"Eg synes vi opnar kampen svakt - Hareid gjor det vanskeleg for oss med eit godt og aggressivt press, sjølv om vi var førebudd på det. Men eg er fornøgd med måten vi jobbar oss inn igjen i kampen på. Frå midtveis i 1. omgang og til kampen var over, var det ingen tvil om kven som var det beste laget. Vi skapar flest sjansar og har ballen klart mest - og vinn denne kampen fortjent til slutt", seier trenar Sander Nyland etter kampslutt.

Emblem neste motstandar

Neste kamp for Hødd 2 er mot Emblem 29. mai kl. 18.30 på Høddvoll.

Annonse: