2-1 mot Kjelsås!

Laurdag ettermiddag møttes Hødd og Kjelsås til kamp på Høddvoll. Det enda med 2-1-siger!

Kampen opna på best mogleg måte for Hødd. I det 7. speleminutt sette Henrik Breimyr ballen i mål på ein dødball - ein kanonstart for heimelaget!

Etter scoringa jamna kampen seg ut. Kjelsås pressa høgare i bana og gjor det vanskeleg for Hødd. Ingen av laga klarte å etablere noko særleg med angrepsspel - noko som gjor at det vart ein sjansefattig 1. omgang. Typisk "stillingskrig". 

Ikkje lenge før pause skulle derimot utlikninga kome. Kjelsås var inne i ei OK periode, medan heimelaget sleit. Eit innlegg frå høgre side enda opp hos Magnus Aasarød som sette ballen sikkert i mål inne i feltet. 1-1 stod seg til pause. 

Etter pause heva heimelaget seg litt, og nok ein gong åpna dei blåkvite ein omgang med scoring. Daniel Eid var sist på ballen inne i feltet, etter ein corner frå Bendik Rise, og sende med det heimelaget opp i 2-1-leiing. Like etterpå hadde Kjelsås ein stor sjanse frå hjørnet av 16-meteren, men Ole Monrad Alme redda på flott vis. 

Etter ein "hektisk" start på 2. omgang endra kampbildet seg litt. Som i 1. omgang var det slik at begge laga forsvarte seg bedre enn dei angreip. Det gjor at det vart produsert få sjansar på Høddvoll, og "stillingskrigen" haldt fram. "Stillingskrig" var det ut kampen. Hødd forsvarte seg veldig godt kampen gjennom - og slapp til særs få sjansar!

Kjelsås hadde ein stor sjanse når klokka passerte 80. spelte minutt, men også denne gongen redda Alme i Hødd-buret. Dette var den einaste farlegheita til Kjelsås i den 2. omgangen, og Hødd kunne dermed triumfere med 2-1-siger! 

Hødd: Alme, Haugan, H. Breimyr, Moltu, Eid, Rise (Saunes, 84 min), Wrele, A. Breimyr (Hjelmeseth, 79 min), Sætre, Hagen, Naglestad (Myklebust, 68 min.). 

Neste seriekamp er borte mot Nardo - det som er siste seriekamp for året! Vi håpar mange blåkvite tek turen for å støtte HØDD i ein særs viktig kamp i "kampen om kvalifisering"!

Annonse: