19. Serierunde: Levanger - Hødd

I morgon søndag kl. 16:00 møter vi Levanger på TOBB ARENA Levanger

A-laget reiste oppover til Levanger tidleg laurdags morgon. Gutta gjennomførte ei treningsøkt rett etter ankomsten for å få bussturen ut av kroppen. Førre helg tok vi ein etterlengta siger igjen etter fem strake tap. Den sigeren smakte utruleg godt og vi håpar at tre poeng blir med heim til Ulsteinvik i morgon! 
 
OM LEVANGER
 
Levanger Fotballklubb blei stifta 20.05.1996 som ein overbyggingsklubb for dei lokale laga SPKL Nessegutten og Sverre IL. Levanger rykka opp frå 2.divisjon i 2014 og har vore i 1.divisjon frå 2015 – 2018 sesongen. Dei rykka ned til 2.divisjon i fjor med klar margin. 
Vi har to tidlegare Hødd-spelarar som spelar for Levanger i Badr Rahhaoui og Didrik Sereba. Joachim Osvold og Joakim Wrele har også tidlegare spela for Levanger.
 
Joachim Osvold, Isak Skotheim og Luc Jeggo er heime på grunn av sjukdom og skader.
 
Levanger sine fem siste kampar:
 
31.08.19: Byåsen – Levanger 1-3
25.08.19: Fredrikstad – Levanger 3-0
21.08.19: Levanger – Kvik Halden 0-3
17.08.19: Levanger – Brattvåg 2-0
11.08.19: Sola – Levanger 1-2
 
TIDLEGARE OPPGJER
 
Vi har møtt Levanger ein del gongar i seriesamanheng etter 2005. Desse oppgjera ser vi har brukt å vore målrike, så her er det berre å gle seg til kamp! Vi tapte 0-2 heime mot dei før ferien, så her har vi noko å revansjere!
 

Tropp: 

Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Bendik Rise, Preben Sætre, Jens Husebø, Netan Sansara, Joakim Wrele, Daniel Eid, William Fjørtoft, Eirik Franke Saunes, Peter Hasund, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Bam Hide, Glenn Walker, Tobias Bjørnebye

 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på TOBB ARENA Levanger – billettar kan du kjøpe her eller på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
 
Annonse: