17. oktober er TV-aksjonskampen
Larsnes/Gursken FK-Hødd på River Plate er årets konsept.
Talent-fabrikken Larsnes/Gursken FK blir Hødd sin motstandar i årets TV-aksjonskamp. Kampen vert spelt på River Plate i Gursken tysdag 17. oktober.
- Då vi fekk forespørselen om å arrangere kampen, tenkte eg at dette er ein kjempeidè. Eg er sikker på at det vil skape stor interesse her i Sande, seier trenar (og ex. Hødd-spelar) Anders Vaagen i LGFK.
4. divisjonsklubben har gjennom åra levert ein rekkje spelarar til toppfotballen. I årets Hødd-stall er Magnus Myklebust, Bendik Torset og Steffen Moltu spelarar som kjem frå dei to bygdene i Sande. Kan LGFK slå Hødd om desse tre spelar for barndomsklubben? Det skal vi få testa i TV-aksjonskampen.
Det er 4. året på rad at Hødd deltek med lag til inntekt for TV-aksjonen. Dei to fyrste åra spelte Hødd på Høddvoll mot eit samansett lag av spelarar frå klubbane på Søre-Sunnmøre. I fjor møttes Hødd og Aafk i Langevåg.
- Sande er ei kommune med ein fantastisk fotballkultur, og klubbane der har utvikla gode fotballspelarar i ei årrekkje. Vi synes det er kjekt at LGFK har vore positive og støttar opp om årets TV-aksjonskamp. Vi gler oss til ein god kamp og eit godt arrangement i Gursken, seier Lars-Petter Rønnestad i Hødd.
Årets TV-aksjon er til inntekt for UNICEF, og pengane går til skule- og utdanning i Syria, Colombia, Sør-Sudan, Mali og Pakistan.
UNICEF er verdas største hjelpeorganisasjon for born. Organisasjonen er til stades i 190 land, og driv med langsiktig programarbeid og nødhjelp.
- Skule er essensen i å gjenreise land i krig. Berre i Syria er to millionar born utan skulegong. Mange av dei har ikkje fått gått på skule dei sju åra krigen har pågått. Hurtigprogrammet vårt skal nå tak i desse, og få gitt dei grunnleggande lese- og skriveferdigheiter, seier Christine Hanken i UNICEF Norge.
Marius Hammer i TV-aksjonen seier:
- Det er fjerde året vi samarbeider med Hødd, og både publisiteten og inntektene dette gir TV-aksjonen er viktig. Vi synes også det er kjekt at LGFK har vore så positive, og at kampen i år kan spelast i Gursken. Dette blir bra!