13. Serierunde: Hødd – Levanger

I morgon søndag kl. 16:00 spelar vi siste heimekamp heime mot Levanger før ferien!

Det er endeleg kamphelg igjen og vi tek i mot Levanger på Høddvoll Stadion i morgon. Denne kampen er den siste heimekampen og nest siste kampen før laget tek to veker fotballferie. Så ta turen til Høddvoll i morgon og støtt gutta!
 
OM LEVANGER
 
Levanger Fotballklubb blei stifta 20.05.1996 som ein overbyggingsklubb for dei lokale laga SPKL Nessegutten og Sverre IL. Levanger rykka opp frå 2.divisjon i 2014 og har vore i 1.divisjon frå 2015 – 2018 sesongen. Dei rykka ned til 2.divisjon i fjor med klar margin.
Vi har to tidlegare Hødd-spelarar som spelar for Levanger i Badr Rahhaoui og Didrik Sereba. Joachim Osvold og Joakim Wrele har også tidlegare spela for Levanger, så dette blir kanskje ein litt ekstra spesiell kamp for dei fire.
 
Levanger sine fem siste kampar:
 
30.06.19: Levanger – Vidar 2-1
22.06.19: Brattvåg – Levanger 1-2
19.06.19: (NM) Levanger – Kristiansund 1-3
15.06.19: Levanger – Fredrikstad 0-2
10.06.19: Arendal – Levanger 2-0
 
TIDLEGARE OPPGJER
 
Vi har møtt Levanger ein del gongar i seriesamanheng etter 2005. Desse oppgjera ser vi har brukt å vore målrike, så her er det berre å gle seg til kamp!
 

 

KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll Stadion – billettar kan du kjøpe her eller på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse: