12. SERIERUNDE: BRYNE – HØDD

Søndag spelar Hødd borte mot Bryne kl. 15:00

Førre helg vann vi 3-1 heime mot Sola etter ein periodevis god kamp. Robin Shroot scora to og Peter Hasund eitt.
 
OM BRYNE
Bryne er inne i sin tredje sesong av 2.divisjonsfotball. Knut Ertesvåg sitt tidlegare lag hadde nemleg før nedrykket i 2016, 45 samanhengande sesongar i dei to øvste divisjonane. Dei var på det øvste nivået i periodane 1976 – 1988 og 1999 – 2003. Bryne har også, som Hødd, ein kongepokal å vise til, i tillegg til to seriesølv. Dei er med andre ord ein merittert klubb og høyrer definitivt ikkje heime på dette nivået.
 
Bryne´s siste fem kampar:
 
23.06.19: Fredrikstad – Bryne 3-1
19.06.19: Bryne – Haugesund 2-6
16.06.19: Bryne – Vidar 2-1
10.06.19: Stjørdals-Blink – Bryne 2-0
06.06.19: Nardo – Bryne 3-2
 
Tidlegare oppgjer
Vi har stort sett møtt Bryne kvar sesong sidan 1991, sett vekk i frå nokre sesongar.
 

 

 
Vi har teke oss ein prat med sisteskansen vår, Ole Monrad Alme om kampen i morgon:
 
Etter stortapet i Egersund var det viktig med ein siger igjen førre helg. Kva tankar har du om kampen mot Bryne?
 
- Eg trur det blir ein tøff bortekamp. Vi veit at når vi er på vårt beste klarar vi å spele god fotball. Så vi må gjere alt vi kan for å vere best mogleg klar når dommaren bles i fløyta.
 
Vi har tapt dei to siste kampane vi har spelt på Bryne Stadion. Kva vert viktig for at vi skal kjempe til oss alle tre poenga i morgon?
 
- Yte vårt beste i kvart sekund, då vil det bli ein artig fotballkamp. Vi gler oss!
 
Tropp:
 
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Daniel Eid, Johannes Sundgot, Netan Sansara, Preben Sætre, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Eirik Franke Saunes, Peter Hasund, Robin Shroot, Isak Skotheim, Håkon Brautaset, Bam Hide, Robin Hjelmeseth, Jens Husebø
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Bryne Stadion – billettar kan du kjøpe på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
 
Annonse: