10. Serierunde Egersund – Hødd

Laurdag kl. 12:00 spelar Hødd borte mot Egersund i Idrettsparken!

Det er berre fem dagar sidan vi slo Nardo på heimebane og gutta har forberedt seg godt og er klar til ny kamp allereie laurdag, merk kampstart kl. 12:00! Kampen vert spelt på gras og laget har difor trena på gamle Høddvoll denne veka.
 
Om Egersunds
Egersund er eit idrettslag frå Egersund i Rogaland. Klubben har 100-års jubileum den 16.september i år. Egersund havna i fjor på ein 4.plass berre tre poeng bak KFUM og Hødd. Klubben er tippa høgt oppe på tabellen i år og satsar hardt på det. Fjorårets toppscorar i Hødd, Markus Naglestad blei henta til klubben allereie ein månad etter sesongslutt i fjor.
 
Egersunds siste 5 kampar:
 
10.06.19: Brattvåg – Egersunds 2-2
02.06.19: Egersunds – Arendal 2-2
26.05.19: Kvik Halden – Egersunds 2-1
22.05.19: Egersunds – Bryne 6-7 (etter straffespark)
18.05.19: (NM) Egersunds – Sola 4-0
 
Tidlegare oppgjer
 
Vi har møtt Egersund fire gongar i 2.divisjon dei to siste åra. Sist møte på Høddvoll i fjor leia vi 2-0 til det 83 min og kampen enda 2-2. Det er venta ein jamn og tøff kamp ut i frå resultata dei to siste åra.
 
01.09.18: Hødd – Egersund 2-2
13.05.18: Egersund – Hødd 1-1
21.10.17: Egersund – Hødd 1-2
08.07.17: Hødd – Egersund 2-0
 
Vi har teke oss ein prat med assistent-trenar Sebastian om morgondagens kamp:
 
Etter ein litt vanskeleg mai-månad ser det ut som om vi har funne litt oss sjølve igjen, er det noko dykk har gjort annleis i treningsarbeidet og kvardagen den siste tida?
 
-  Nei, det er det ikke. Vi har stort sett trent på samme måten hele tiden. Ukene er bygd opp på samme måte som før. Resultatene har vært bedre i juni enn mai, men det har ikke så mye å på prestasjonen på banen, men heller at vi har hatt bedre uttelling på prestasjonen enn tidligere.
 
Laget har trena på gamle Høddvoll denne veka og har hatt gode forhold der, korleis ser du for deg graskampen på laurdag i Egersund som har kampstart allereie kl. 12:00?
 
- For det første møter vi et godt lag, og det er kjekt. Vi har et bra lag selv, så vi tror at det blir en tett og jevn kamp. Å spille på gress kan være litt utfordrende i og med at vi spiller de aller fleste kampene våre på kunstgress, men jeg tror og veit at vi kommer til å håndtere det godt. Jeg føler at vi klarte oss greit i kampen mot Vidar og håper at vi tørr å bruke ballen i enda større grad i morgen! Vi gleder oss!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Egersund idrettspark – billettar kan du kjøpe på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse: