10 kjappe: Jan Lennart Urke

Kvar torsdag vil vi i tida framover presentere A-spelarane gjennom 10 kjappe. Først ut er spelar nummer 1, Jan Lennart Urke.

<em>Jan Lennart Urke - Foto: Arne Flatin</em>
Jan Lennart Urke - Foto: Arne Flatin
Namn: Jan Lennart Urke
Alder: 25 år
Fødestad: Volda/Ulsteinvik
Posisjon: Keeper
Tidlegare klubbar: Ingen
1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg står opp, deretter jobb, direkte til trening, heim å ete middag, slappe av eller jobb igjen, og til sengs rundt klokka 23. Akkurat no er det veldig A4.

2. Beste fotballminne?
- Siger 1-0 mot KBK i 2016.

3. Beste medspelar?
- Torbjørn Kallevåg.

4. Beste motspelar?
- Pontus Engblom.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.
 
6. Lagets kjekkas?
- Sondre Beite.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Jan Lennert Urke (Resten for vere opp til andre ;))
Forsvar:
Midtbane:
Angrep:

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg er ganske så brukbar i Singstar.

9. Kva tankar har du om 1-1 kampen mot Vard Haugesund?
- Vi var gode store delar av første omgang, der vi burde gått opp til ei 2-0 leiing før dei reduserer. Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve med å sleppe dei inn i kampen rett før pause. Andre omgang er lite å snakke om. Der er vi langt i frå kva vi står for, samtidig som vi blir stressa.

10. Kva tankar har du om kampen mot Fram Larvik komande laurdag?
- Det blir nok ein tøff kamp, noko alle kampane i år kan bli, men eg håpar vi slepp oss lause og spelar vårt spel. Dette gjorde vi i store delar av førsteomgangen mot Vard Haugesund. På heimebane skal vi uten tvil dominere. Publikum kjem til å få sjå framgang frå kampen i Haugesund!

Husk kampen førstkomande laurdag klokka 16:00 mot Fram Larvik!

Trykk her for å kjøpe sesongkort!
Trykk her for å kjøpe enkeltbillett til kampen!
Annonse: