1961-1975

Her kan du lese Hødd-historia 1961-1975.

Gullalderen

1963-1972 vert i Hødd-samanheng gjerne omtalt som gullalderen. I denne perioden vart Hødd eit omgrep i norsk fotball.

Eit generasjonsskifte og Reidar Steen Jensen som trenar gav gode resultat. I 1963 vann Hødd 3.divisjon, men greidde ikkje å vinne kvaliken. Året etter vart det opprykk til 2.divisjon og i 1965 det sensasjonelle opprykket til 1.divisjon. Hødd måtte før siste runde stole på at Brann slo Rosenborg i Bergen, samtidig måtte Kvik bankast med mange mål i Trondheim. Brann vann 1-0, dermed måtte Hødd ha minst 5-målssiger for å rykke opp og vann utruleg nok 8-2. Ironisk nok sett med trønderauge gjekk kampen på Rosenborg si heimebane Lerkendal.

Kvifor var Hødd så gode i denne perioden ?

Hødd-tælen er viktig, laget gav aldri opp og sprang mykje. Grasbana kom i 1963, og den var ein viktig suksessfaktor. Spelarane var samspelte etter  mange sesongar saman, og fleire av dei var gode. Kjetil Hasund med 16 A-landskampar var jaga av nærast alle andre 1.divisjonsklubbar på den tida. Hødd greidde seg godt i 1966 i 1.divisjon og slo Sarpsborg 3-1 på Høddvoll i opningskampen og den berømte onsdagskampen mot Brann litt seinare er og godt kjent. Hødd vann 4-2. Likevel vart det nedrykk på Hødd som mangla erfaring frå dette nivået.

Men eventyret var ikkje over. Hødd rykka opp på nytt i 1968 og berga plassen på utruleg vis i 1969 og 1970 og delvis i 1971 (sjølv om marginen ikkje var så liten den gongen). I 1972 med den nye 12-klubbserien var det slutt. Hødd-eventyret var over og det vart nedrykk. I løpet av desse åra var det nokre heilt utrulege kampar. Hødd slo Sarpsborg 3-1 borte i siste runde og berga plassen. I 1970 vart Pors slått 6-0 på bortebane i siste og avgjerande kamp. I 1971 vart det 5-0 borte over Frigg i ein viktig kamp mot slutten av sesongen.

Annonse: