1919-1930

Her kan du lese om Hødd-historia frå 1919-1930.

Hødd vart skipa

Hødd vart skipa fredag 1.august 1919 av 25 menn som skreiv under på protokollen. Sverre Sundgot var den første formannen i historia til klubben. Den første tida vart det spelt fotball på marka til Benjamin Osnes med hesjastaurar som målstengre. På det meste var bana 60x45 meter. Namnet Hødd var eit av to namneforslag. Det andre var Ulstein Fotballklub. Frå 1925 vart det bestemt at Hødd også skulle drive med friidrett, og dermed vart namnet Idrættslaget Hødd.

Men Hødd måtte og ville ha si eiga bane. Saka var første gong oppe på eit medlemsøte 25.september 1919. Mange ville kjøpe grunn i Holsekerdalen, men fleirtalet enda opp med å kjøpe grunn hos Martinus Molvær på Støylane. Anleggsarbeidet skaut fart i 1921 og snart var grusbana opparbeidd ved hjelp av dugnad.

Hødd trena to gonger i veka på 20-talet. Hans Skeide fortalde at dei fleste jobba minst 10 timar og ofte kom dei seg ikkje opp på Høddvoll før i ti-tida om kvelden. – Då var det godt å kle av seg og spele i kortebukse, sa  Hans. Dei starta alltid treninga med å spele mot eitt mål, og avslutta med å spele mot to mål . For å fylle opp slik at det vart 22 spelarar tok dei gjerne med nokre 12-14 åringar som stod på sidelinja og såg på treninga. Dei spelte halvannan time til klokka var om lag 23.30. Deretter var det nokre som heldt fram ein halvtime fram mot midnatt med skottrening.

Annonse: