Wrele: -Vi er revansjesugne!

Etter eit skuffande resultat i helga, er det nye sjansar for poeng når gutane reiser til Florø.

Onsdag formiddag set Hødd kursen sørover med eit revansjesugent lag. Sjølv om prestasjonen mot Moss var positiv, så gav det ikkje utslag i nok mål og det vart berre eitt poeng. Laurdagens kaptein var dermed ikkje heilt fornøgd.

- Uavgjort på heimebane er vi absolutt ikkje fornøgde med. Sjølv om vi styrer kampen, så scorar vi ikkje på sjansane. Uansett kan vi ta med oss mykje positivt frå kampen, seier Joakim Wrele.

Sjølv om det berre vart eitt poeng laurdag, er Hødd eitt av to lag som framleis ikkje har tapt. Laget har også slept inn færrast mål.

- Vi viser at vi er eit godt lag med god struktur der vi jobbar knallhardt for kvarandre. Når vi gjer det, så er det vanskelig å bryte oss ned, legg han til.

Florø har hatt ei tøff sesongopning, men tok sitt første poeng mot Fløya sist serierunde. Hødd skal dermed vere favoritt her, men på uvant underlag må gutane vere skjerpa.

- Det blir gøy å spele på gras igjen, sjølv om det er uvant for oss. Florø er nok desperate etter poeng, så det kan bli ein tøff kamp. Vi må uansett halde fram med vårt spel og vinne krigen. I tillegg er vi veldig gira på å slå tilbake med tre poeng etter Moss-kampen, seier Jokke.

Kampen går på Florø stadion onsdag 18.00. Det er no opna opp for bortesupporterar, så det er mogleg å ta turen for dei som vil heie Hødd fram til seier. Billett kan du kjøpe her.

Kampen vil også bli vist på Vikebladet og Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse: