Wattn og Hødd Fotball forlenger samarbeidet
Hødd Fotball og Wattn er einige om å vidareføre samarbeidet inn i 2026-sesongen. Sponsor/ samarbeidspartnar
På biletet ser vi Frank Torheim, salgs- og marknadsdirektør (COO) i Wattn, og Jesper Törnqvist, dagleg leiar og sportssjef i Hødd Fotball.
Avtalen sikrar kontinuitet i eit samarbeid som har utvikla seg positivt, og understrekar Wattn sitt sterke engasjement for både klubben og regionen.
Hødd Fotball er svært glade for at Wattn vel å vere med vidare som samarbeidspartnar også i 2026-sesongen.
Den nye avtalen legg til rette for at partane kan byggje vidare på det gode samarbeidet som allereie er etablert, samtidig som ein ser på nye moglegheiter for å skape verdi for begge partar.
– Det er svært gledeleg at Wattn ønskjer å vere med vidare på reisa vår. Dei har vore ein viktig samarbeidspartnar for Hødd Fotball, og vi set stor pris på tilliten dei viser klubben gjennom å forlenge avtalen. Samarbeidet handlar om meir enn fotball – det handlar om å utvikle regionen og skape gode møteplassar for menneske og næringsliv. Vi ser fram til å vidareutvikle samarbeidet i 2026-sesongen, seier marknadsansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.
Også hos Wattn er det stor glede over å kunne fortsette samarbeidet med Hødd.
– Vi i Wattn er imponerte over alt Hødd får til og bidrar med i regionen vår. Vi håper på vidare suksess på og utanfor bana, og ser fram til å fortsette som stolt samarbeidspartnar, seier Frank Torheim, salgs- og marknadsdirektør (COO) i Wattn.
Hødd Fotball ser fram til eit nytt år med godt samarbeid, felles aktivitetar og spennande moglegheiter saman med Wattn.
