
Henning: - Vore ei god treningsveke
Laurdag spelar Hødd damelag borte mot Blindheim - eit lag som Hødd vann 3-1 mot på Høddvoll i vår.
Hødd damelag starta haustsesongen på best mogleg vis når Nardo vart slått på Høddvoll førre helg. Amalie Fjørtoft Vik satte inn 1-0 tidleg i 1. omgang og dette var nok til å sikre seg 3 poeng.
Laget kniva med Herd om den viktige 5. plassen som vil sikre laget vidare spel i 2. divisjon neste år og då er det viktig å vinne borte mot Blindheim laurdag - i alle fall når Herd har ein tøff bortekamp mot Molde.
Laga spelte mot kvarandre tidlegare i vårsesongen og då vann Hødd oppgjeret 3-1 på Høddvoll etter scoringar av Mari Seljeset Sandvik og Helena Nygård. Hødd er derfor favorittar når laga møter kvarandre igjen i morgon!
- Kampane mot Blindheim brukar å bli jamne og spennande, slik lokaloppgjer skal vere. Litt sjukdom og skade har vi, men det har likevel vore ei god treningsveke. Vi går sjølvsagt for 3 nye poeng, seier assistenttrenar Henning Nygård.
SLIK SER DU KAMPEN
Vi oppmoda folk om å ta turen til Blindheim for å støtte damelaget i kampen mot Blindheim.
Kampen kan du også sjå på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Blindheim (*krever abonnement).
Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Blindheim!
KAMPFAKTA
-
2. DIV KVINNER AVD. 5
-
BLINDHEIM - HØDD
-
BLINDHEIM KGB 2
-
03.09.2022 KL. 14:00