Visted: - Vi skal fyre godt opp før Odd

Ola Visted kom på lån frå Viking i slutten av mars, og har vore ein nøkkelspelar for Hødd i starten av sesongen. Vi tok oss ein prat med 20-åringen før møtet med Odd.

Korleis fekk du vite om interessa frå Hødd?

- Eg forstår at klubbane hadde hatt ein dialog om eit lån ei stund, men at Viking ville ha meg med i heile oppkøyringa til sesongen. Interessa frå Hødd fekk eg vite om rett etter at eg kom heim frå Tyrkia med U20-landslaget. Eg hadde høyrt mykje bra om både trenar og klubb, så sjølvsagt ville eg gripe den moglegheita. Det tok kanskje fem timar frå eg fekk vite om interessa til eg sat på flyet mot Ulsteinvik. Dagen etter var det trening, og to dagar seinare møtte vi Stabæk, der eg fekk ein halvtime. Det var ein perfekt start for meg, og veldig kjekt.

Korleis har det vore for deg å kome til Hødd?

- Det har eigentleg vore heilt fantastisk! Eg er svært nøgd med korleis ting har vore så langt, og spesielt måten gruppa har tatt imot meg på, har vore noko for seg sjølv. Eg føler at eg kom inn i gruppa med ein gong, og det er ein fin gjeng der alle snakkar med alle. Trenarane har hjelpt meg til å raskt kome i gang med måten dei ønsker å spele fotball på og kva dei står for. Så eg kan 100 % anbefale Hødd for andre som får moglegheit til å kome hit. Det har med kulturen, folka og mange andre faktorar som ligg til rette her når ein kjem til ein ny klubb.

Korleis føler du at utviklinga di som fotballspelar har vore etter at du kom hit?

- Eg føler at eg utviklar meg for kvar veke. For kvar kamp føler eg at eg får meir kontroll på nivået, og spelar betre og betre.

Korleis er dialogen med Viking når ein er på lån?

- Eg snakkar med spelarutviklaren der kvar fredag. Då pratar vi om korleis det har gått den siste veka, om både fotballen og livet generelt. Denne veka har vi alle som er på utlån frå Viking eit felles teams-møte, der vi deler litt erfaringar og korleis vi har det. Eg føler at Viking følgjer godt med og støttar oss godt opp, så det er kjekt.

Får 16. mai kampen mot AaFK på Color Line Stadion.
Får 16. mai kampen mot AaFK på Color Line Stadion.

Søndag møter vi Odd, eit nytt topplag. Korleis ser du på den kampen?

- Vi har ein måte å spele på, og det handlar om å vere tru mot det. Sjølv om vi tapte mot AaFK sist, synest eg at vi gjer ein bra kamp, som kunne gått begge vegar. Vi må halde fram med å gjere det vi har øvd på, ikkje endre noko, sjølv om resultatet ikkje alltid speglar prestasjonen. Vi skal fyre godt opp før Odd og ha god intensitet i spelet vårt, og då er resten opp til oss sjølv.

Snart kjem eit nytt uttak for U20-landslaget. Kor viktig er det å bli teken ut?

- Det er jo viktig. Blir ein teken ut, er det viktig å ta det som noko positivt og prøve å nyte det litt. Blir ein ikkje teken ut, må ein berre tenkje at det kjem nye uttak og berre jobbe vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: