Vindbjart - Hødd 2-2

Sterk opphenting sikra Hødd 1 poeng i kampen mot Vindbjart!

Annonse:

Kampreferat

1. omgang

I strålande solskinn på Moseidmoen stadion starta kampen ganske rolig. 

Først etter 20 min kom den første sjansen i kampen. Eit langt innkast vart stussa inn i feltet mot Vindbjart sin keeper som nesten holdt på å rote ballen i eige mål.

Begge lag var frampå med sine småsjansar etter dette. Først etter 30 min kom Hødd sin første kvalifiserte sjanse. Ein god frispark-variant vart slått flatt ut mot 16 meteren, men dessverre vart skotet blokkert av heimelaget.

Etter 35 min kunne Hødd ha tatt leiinga i kampen. Kallevåg slo eit smart innlegg i boks som Myklebust kom først på. Skotet gikk like over målet til Vindbjart. 

Like etter kom dagens største sjanse i kampen. Den sto heimelaget for etter eit frispark som enda på bakerste stolpe til ein umarkert Alain Delgado. Skotet frå 1m gikk heldigvis over og fortsatt 0-0.

Etter 40 min fikk Jan-Lennart Urke utdelt det raude kortet og Hødd måtte spele med 10 mann siste 50 min. Uklart kva som skjedde.

Pause

Ein omgang der begge lag hadde sine sjansar var det heimelaget som var nærast med sitt forsøk i tverrliggaren. Hødd kunne med litt meir marginar også ha tatt leiinga i kampen.

2. omgang

Vindbjart tok leiinga etter 51 min etter skoring av Vindbjart sin spelar Kim Kvaalen. Skotet frå ca. 16 meteren gikk rett i mål.

Heimelaget fortsatte å dominere banespelet etter dette, men Hødd sto godt i ramma og forsvarte seg godt. 

Etter 69 min kunne heimelaget ha auka leiinga til 2-0, men skotet vart blokkert til corner.

71 min og Hødd burde ha utlikna til 1-1. Badr Rahhaoui vart spelt heilt fri av Bendik Rise frå ca. 16 meter. Skotet gikk dessverre rett over målet til Vindbjart. 

Kallevåg var svært nære å skore 1-1 etter 80 min! Eit godt innlegg vart slått inn rett foran Vindbjart sin keeper og Kallevåg var cm frå å vere først på ball å utlikne til 1-1.

82 min og Vindbjart skorar 2-0 etter skoring av Øyvind Løkkebø Gausdal. Han heada ballen i mål etter eit innlegg.

Redusering til Hødd etter skoring av Badr Rahhaoiu. Han blir spelt fri av Rise og gjer ingen feil mot keeper.

Etter 90 min fikk Hødd straffespark, der Kallevåg var sikker frå krittmerket. 2-2 og Hødd var plutselig med i kampen igjen!

Slutt 2-2 og Hødd tek med seg 1 poeng heim til Ulsteinvik.

Kampoppsummering

Hødd kom under både 1-0 og 2-0, men kom sterkt tilbake og reduserte først til 2-1 og utlikna til 2-2 heilt på tampen av kampen. Godt gjort å kome tilbake i kampen etter å ha spelt med 10 mann i 50 min og tillegg ha leie under med to mål. 

Mål

1-0: Kim Kvaalen
2-0: Øyvind Løkkebø Gausdal
2-1: Bader Rahhaoui
2-2: Torbjørn Kallevåg

Laget

Jan-Lennart Urke, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Preben Alexander Sætre, Martin Mork Breivik (Eirik Haugan), Henrik Malde Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise, Didrik Ziabi Sereba (Andreas Malde Breimyr), Magnus Waade Myklebust (Ole-Monrad Alme), Bader Rahhaoui.

Annonse fra Obos-ligaen: