Villum Dalsgaard på lån til Hødd til sommaren

Villum Dalsgaard kjem til Hødd på lån frå FC Nordsjælland til sommaren.

Annonse:

Den unge og spennande kantspelaren frå Danmark er kjend for sine offensive ferdigheiter og evna til å utfordre i éin-mot-éin-situasjonar, kvalitetar som vil styrke laget i den offensive fasen av spelet.

Sportssjef Jesper Törnqvist er godt nøgd med å få avtalen på plass:

– Når moglegheita opna seg for ei låneløysing med FC Nordsjælland, og vi samstundes fekk ein uavklart skadesituasjon i fremste ledd, kom klubbane raskt til semje om eit lån av Villum. Villum er ein spelar med sterke kvalitetar i éin-mot-éin spelet offensivt, og han skal inn for å gjere oss endå meir konkurransedyktige i starten av sesongen. Vi gler oss til å sjå Villum saman med resten av Hødd-gutane i kamp seinare i dag!

Villum Dalsgaard har gått gradene i akademiet til FC Nordsjælland og har teke viktige steg i utviklinga si dei siste åra. No ser både spelar og klubb fram til ein spennande vårsesong i Hødd-drakta.

Velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: