
Viktig kamp mot Blindheim
Etter ein sterk prestasjon borte mot Herd sist - skal laget no spele heime mot Blindheim onsdag kveld i det som blir ein viktig kamp med tanke på ein plass i Fylkesserien til hausten. Kampstart kl. 18.30! A-lag damer
Hødd tok ein sterk bortesiger mot Herd på AMFI Moa Stadion i førre kamp, og det gjer at laget no kan ta eit langt steg mot spel i Fylkesserien til hausten - om Blindheim blir slått heime på Høddvoll onsdag kveld!
- Blindheim er eit lag som trivst best med å ha ballen i laget. Det gjere også vi, så eg forventar eit kampbilete som speglar dette. Vi har vore farlege på dødballane våre, men ikkje klart å score i det siste – så det hadde vore på tide med dødballscoring. Dei fleste laga trur eg fryktar oss på dødballar, så vi må trøkke til.
Etter heimekampen mot Blindheim skal Hødd avslutte med to bortekampar mot Aksla/Guard og Volda.
Som sagt er dette siste sjansen i vårsesongen til å sjå damelaget i aksjon på Høddvoll. Vi oppmoda derfor alle til å ta turen til Høddvoll og støtte laget i den viktige kampen i morgon.
Det blir open kiosk og speakerteneste under kampen.
Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Blindheim onsdag!