Viktig informasjon om parkering

Parkeringsplassen ved Høddvollhuset og vegen på nedsida av stadion vert avstengt dei neste vekene grunna omlegging av nytt banedekke på stadion.

Annonse:

Frå måndag 15. juli vil arbeidet med å skifte ut banedekket på stadion kome i gang, og det er forventa at arbeidet vil halde fram i 2-3 veker framover.

Det betyr at alle som skal innom Høddvoll må nytte parkeringsplassane på Høddvoll Panorama, UVS og parkeringsplassen ovanfor treningsbana på KGB i denne perioden.

Mjuke trafikantar må bruke gangvegane i området, då anleggsområdet vert avstengt for alle uvedkomande. 

Vi takka for samarbeidet!

Annonse fra Obos-ligaen: