Vidare i NM!

A-laget slo Spjelkavik 4-1 heime på Høddvoll.

Onsdag kveld slo A-laget Spjelkavik 4-1 i 1.runde i NM. Bendik Torset, Amani Mbedule (2) og Torbjørn Kallevåg scora Hødd sine mål. Dessverre fekk Amani også to gule kort, noko som gjer han må stå over neste runde.

Vi fulgte kampen på Twitter:

1.omgang

44 sek (!) - MÅL! Torset scorar etter ein fin flikk frå Amani! God avslutning i lengste hjørne. 1-0!

3 min - Stor sjanse! Torset med eit godt innlegg, men volleyen til Myklebust går like utanfor målet til Spjelkavik sin keeper.

13 min - Amani kjem til eit godt innlegg frå venstre. Torset skyt ballen over mål.

16 min - Mork Breivik kjem til ei god innleggsmoglegheit. Amani rekk ikkje fram.

34 min - Beite slår inn eit frispark. Moltu headar like utanfor.

37 min - MÅL! Straffe til Spjelkavik! Amani feller Runde. Amani får gult kort, og B. Sunde scorar sikkert. 1-1.

2.omgang

49 min - MÅL! Breimyr spelar gjennom Beite som chippar ballen over keeper. Ballen ender hos Amani som scorar enkelt! 2-1!

51 min - Amani driblar av to mann før han skyt like ovanfor mål.

52 min - Eit innlegg går via ein Spjelkavikspelar og rett på keeper Larsen! Nesten sjølvmål.

56 min - Kallevåg skyt eit frispark frå 20 meter som keeper gir retur på. Amani scorar, men er dessverre i offside.

58 min - MÅL! Sætre med eit godt innlegg til Amani som headar sikkert i mål! 3-1!

73 min - Kallevåg kjem til skudd inne i 16 meteren til Spjelkavik. Skuddet blir blokkert.

76 min - Moltu headar ein corner frå Beite rett på keeper.

78 min - RAUDT

90 min - MÅL! Kallevåg med eit fantastisk soloraid! 4-1!

KAMPFAKTA

Hødd - Spjelkavik 4-1 (1-1)

1-0: Bendik Torset (1.)

1-1: Benjamin Sunde (37.)

2-1: Amani Mbedule (49.)

3-1: Amani Mbedule (58.)

4-1: Torbjørn Kallevåg (90.)

1.runde NM. Dommar: Torgeir Halsen. Tilskodarar: 250. Gule kort: Amani Mbedule (2 stk) og Torbjørn Kallevåg, Hødd. Knut Idar Dalhus, Martin Skulstad og Sondre Skulstad, Spjelkavik. Raudt kort: Amani Mbedule (2 gule), Hødd.

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Bendik Torset (Eirik Saunes frå 85 min), Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Sondre Beite (Badr Rahhaoui frå 78), Amani Mbedule, Magnus Myklebust (Didrik Sereba frå 75).

Spjelkavik (3-5-2): Tor Erik Larsen - Magnus Rødset, Sondre Skulstad (Trond Håkon Edøy frå 74), Marin Skulstad - Ole Andre Ringstad (Lars Austnes frå 75), Andreas Olsen, Knut Idar Dalhus, Stian Sunde (Marius Waagan frå 56), Fredrik Krogsæter - Benjamin Sunde, Roald Runde.

Annonse: