
Vi søker ballhentarar og barnevenar til 2022-sesongen!
Har laget ditt lyst til å springe ut på Høddvoll? Eller kjenner du til eit lag dette hadde vore midt i blinken for?
Vi søker både ballhentarar og barnevenar til heimekampene i PostNord-ligaen.
Dette er ei flott moglegheit for lag som ynskjer å kome enda tettare på A-laget og sjå korleis det er å vere spelar i Hødd.
I forbindelse med at klubben stiller som ballhentarar og barnevenar vil vi lage ein video frå klubbesøket og dagen på Høddvoll som vil bli publisert i sosiale media dagen etter kamp.
MELD PÅ KLUBBEN HER!
Ballhentarar:
Antall: Min. 8 spelarar
Alder: 9-12 år
Bekledning: Varme klede og i klubbfargar
Barnevenar:
Antall: Maks 22 spelarar
Alder: 6-8 år
Bekledning: Varme klede og i klubbfargar
Er dette noko for din klubb?
HEIA HØDD!