Vi skal trene meir enn nokon gong
Les intervjuet med Hødd-trenar Sindre Eid.
Sindre Eid om neste sesong
Kor lang betenkningstid trengte du då du fekk spørsmålet om å trene A-laget igjen?
- Eg har visst at spørsmålet ein dag trulig ville dukke opp, sjølv om det kom raskare enn eg hadde trudd. Eg tok ei runde med familia mi. Samtidig følte eg sjølv at eg er riktig person til å ta jobben igjen. Når det no skal byggast eit nytt lag, er det ein fordel at trenaren kjenner både historia, kulturen og organisasjonen.
Føler du at du har ein stor jobb foran deg?
- Det er det. Men vi skal arbeide hardt, være fokuserte, offensive og samtidig tålmodige. Vi har eit bra anlegg, dyktig admin og solid økonomi, så rammene ligg til rette for at vi skal kunne klare å skape eit lag som folk kan vere stolte av.
Kva er forskjellen på sist du overtok og no?
- Sist gong overtok eg eit lag i toppen av Obos-ligaen som hadde mista ein del profilar. Situasjonen no er annerledes. No blir det å bygge noko nytt, og spelarar vi hentar inn blir i stor grad å hente nedanfrå i staden for utanfrå. Så vil det også sjølvsagt dryppe inn ein og annan ekstern spelar om vi ikkje har den kompetansen i klubben. Det vert ei tøff reise utover vinteren på gutta, og vi skal trene meir og hardare enn vi gjorde i mi forrige periode som hovedtrenar for Hødd i Obos-ligaen 2014 og 2015.
Blir det du som har ansvar for det defensive og Arild det offensive på treningsfeltet?
- Eg er opptatt av at vi må bruke godfotane våre. Arild blir spennande å få inn. Han har både nye idear og vil krydre oss andre tre som har vore her ei stund. Vi kjem til å verte eit bra team, og så får vi finne ut av den beste måten å jobbe saman på etterkvart.
Kan Arild sin spisskompetanse gjere at vi snart får opp igjen ein eigenprodusert toppscorar?
- Ja, det er det nok muligheiter for. Vi kjem til å jobbe mykje med det offensive i arbeidet framover, både individuelt og relasjonelt.
Når er første fellestrening med "nye Hødd"?
- 4. januar er alle på plass og då skal vi vere spenna klare.
Og kva vert første prioriteringa på treningsfeltet når starten går?
- Då skal vi få på plass løpskrafta. Det vert ei tøff reise utover vinteren på gutta, og vi skal trene meir og hardare enn vi gjorde i mi forrige periode som hovedtrenar for Hødd i Obos-ligaen 2014 og 2015. Så skal vi også raskt skape eit bilde på måten vi skal spele på, og som alle skal forstå.
Kva lærte du i di forrige periode som du vil ta med inn i den nye?
- Det går vel meir på at eg må kose meg litt meir. Det er sjølvsagt eit stort ansvar å trene Hødd, men ein må også hugse å ha det kjekt og sette pris på det å få trene A-laget.
Og så håper du sjølvsagt på eit folksomt Høddvoll i 2017!
- Ja, eg håper på masse folk og at alle kjem i blått på kamp. I tillegg håper eg at heile Hødd-familia står opp for Hødd no, og at vi i lag kan løfte laget til suksess.