VELLUKKA START PÅ JUBILEUMSÅRET

IL Hødd gjennomførte eit vellukka Kick-off for jubileumsåret laurdag kveld på Sjøborg.

Annonse:

Rundt 300 personar hadde funne vegen til kultursalen der det vart tre timar med underhaldning. Rundt 35 høddarar vart intervjua på scena av leiaren i jubileumskomiteen, Arne Flatin. I tillegg var det sceneframsyningar av alle gruppene inkludert ei mannekengframsyning der gamle drakter vart viste fram i tillegg til den nye jubileumskolleksjonen. Det heile vart avslutta med gullklokke til Steffen Moltu for 300 A-kampar og Tom Vågen, «kongen av Høddvoll», som song «Sola mi».

Komiteen som består av Andre Nevstad, Ragnhild Kriken Garnes, Liv-Janne Dalehamn og Eldor Skeide, i tillegg til nemnde Flatin, har fått mange gode tilbakemeldingar etter laurdagen.

Jubileumsåret skal markerast på ulike måtar utover året mellom anna med ein offisiell jubileumsfest på Ulstein Arena 21.september. I tillegg vert det markeringar under Smak av Ulstein i juni. Det skal skrivast ei 100-årsbok og det vert fotoutstiling på biblioteket gjennom sommaren.

Jubileumskolleksjonen vil for øvrig  vere til sals ulike stader, mellom anna på G-sport Hofseth. Meir informasjon om dette kjem etter kvart.

Annonse fra Obos-ligaen: