Vellukka landslagssamling

Sist veke var Madelen Eid ei av totalt 30 jenter som deltok på landslagssamling for J16 på Strømmen stadion.

Dette var første landslagssamlinga for dette laget i år, og også første samlinga for Madelen. Veka bestod av mykje trening og diverse aktivitetar, i tillegg til to internkampar.

- Det var kjempegøy å vere med på samling for første gong. Eg fekk prøve meg på eit nytt nivå, og det var artige dagar, seier Madelen.

Korleis var nivået?

- Nivået var veldig bra. Eg hadde dårligare tid med ballen enn eg er van med og fekk ikkje tatt med ballen så mykje framover i bana fordi eg vart hardt pressa, forklarer ho.

Saka held fram under biletet.

Madelen i aksjon under ein av internkampane.
Madelen i aksjon under ein av internkampane.

POSITIVE TILBAKEMELDINGAR

Eid går i faren sine fotspor og speler midtstoppar. Sjølv om nivået var høgare enn i det daglege, takla ho det fint og fekk vist seg fram.

- Eg føler eg fekk vist meg godt fram, spesielt i den siste internkampen. Då spelte eg bra og hadde fleire gode pasningar som eg var fornøgd med. Tilbakemeldingane frå trenarane var både ting eg må gjere betre, men også ting eg gjorde bra, så eg vil seie dei var positive, seier ho.

Ein av trenarane på dette laget er vår eigen Mikkel Bjørnstad, som også var på samlinga sist veke. Han synes Madelen viste seg frå ei god side.

- Madelen klarte seg veldig bra med tanke på at dette var første samlinga ho var med på. Ho representerte både seg sjølv og Hødd på ein veldig god måte, både på og utanfor bana.

Neste samling for dette laget er i Frankrike i august, dersom det let seg gjere. I oktober skal også laget spele kvalifisering til EM.

Annonse: