Velkomen til Sponsorcup!

Det er ei glede å kunne ønske bedrifter, spelarar og publikum velkomne til Sponsorcup!

Vi ser fram til å arrangere Sponsorcup igjen, og målet er at dette skal bli eit årleg arrangement frå vår side.

KAMPOPPSETT

Vi har satt opp gruppespelet og kampoppsettet i MyLivescore slik at det skal være enkelt å følgje med. Gå inn her for å sjå kampoppsettet!

Her blir det lagt opp til sluttspel med semifinale, bronsefinale og finale. Dei to beste laga frå kvar pulje går vidare til sluttspelet.

Sjå kampreglementet her!

PARKERING

Grunna anleggsarbeid rundt Høddvollhuset, så ber vi om at alle nyttar parkeringa ved UVS eller Høddvoll Panorama denne dagen. 

GARDEROBER

Alle lag vil få tilgang til garderober og desse vil bli merka med bedriftsnamn. 

SEKRETERIAT

Vi ber om at alle lag melder seg i sekreteriatet når dykk kjem. Sekreteriatet er inn hovudinngangen til Ulsteinhallen. Dette skal vere godt merka. Vi oppmoda om å møte opp i god tid før kampane til laget starta.

PUBLIKUM OG KIOSK

Tribune for publikum blir oppe i 2. etasje i Ulsteinallen. Her vil du også kunne kjøpe mat og drikke i kiosken.

FAIR PLAY

Vi minner om Fair Play under turneringa og ønsker samtidig all lykke til med kampane!

BRYGGA SPORTSBAR

Fra kl. 20.00 vil det bli ei sosial samling på Brygga Sportsbar med mat, drikke og utdeling av premie til vinnaren av Sponsorcup! 

Vi gler oss til Sponsorcup!

Annonse: