Velkomen til nye hodd.no
Il Hødd fotball med ny heimeside!
Tysdag 20. desember går IL Hødd Fotball over på ny medieplattform.
Sidan midten av november har IL Hødd Fotball jobba med å få på plass den nye heimesida. Det står fortsatt igjen litt arbeid, men heimesida vil bli oppdatert fortløpande. Den nye medieplattforma er lik for alle klubbane på dei øverste nivåa i Noreg.
For oss som har jobba med den gamle plattforma, så ser vi fram til å bruke det nye verktøyet. Dei gode sakene, viktige prosjekta, billettsal og det å bygge profilar vil bli lettare for oss i åra som kjem.
— André Aurvåg Gardshol, Medieansvarleg Hødd
Fokus på kampen
Dei nye nettsidene er bygd opp etter eit responsivt vertikalt design med fokus på mobil først. Det er jobba mykje med strukturering og fokusering på den viktigaste informasjonen ut på klubbanes framsider.
Saman med Netlife Research er det utvikla ein rekke modular og løysningar som lett kan nyttast av klubbane og som vil gi gode brukaropplevingar.
Store og tydelige bileter med god kvalitet er løfta opp som viktige berarar saman med ein funksjonell videospelar.
Nettsidene til klubbane skal forsterke klubbanes fokus og understøtte arbeidet med å få fleire personar på kampane. Det er derfor utvikla ein kampmodul med 3 forskjellige modus – ein før kamp, ein under kampen og ein etter kamp. Denne vil gi relevant informasjon for brukarane av nettsidene og gi enkel tilgang til å kjøpe billettar. Sjølvsagt i klubbanes eigne fargar og uttrykk.



Innhald er design
I forbindelse med opprettinga av dei nye klubbsidene er det stort fokus på at innhald er design. Dette tas opp gjennom store bileter som sørgjer for fokus på det man skriver om.
Innhaldet er derfor en hovuddel i designet, men man har i tillegg sett på klubbenes logo, farger og mønstre for å kunne forsterke klubbfølelsen.

Det nyttast store overskrifter for å få fram tydelegheita på kva man ønskjer å kommunisere.
I sjølve artiklane har klubbane fått ein rekke moduler som kan nyttast og desse gir meir lesevennlege artiklar.
Løysninga er laga responsiv med fokus på mobil først, noe som stemmer godt med bruken då rundt 70% av brukerane besøker klubbanes nettsider via mobile eininga.
Kortreist teknologi
Den nye medieplattforma baserer seg på kortreist, norsk programvare frå Enonic (web og applikasjonsplattform) og Qbrick (video- og streamingplattform). Enonic blir brukt allereie av kundar som Posten, Gjensidige, Norsk Tipping og NAV. Qbrick blir brukt av blant andre Norsk Tipping, Fotballforbundet og framover også av NRK.
Hovudpartner rundt løysninga har våre Netlife Research. Dei er eit digital designbyrå med 70 medarbeidarar med spisskompetanse på brukarvennleg, digitale løysningar.
Med seg har dei hatt Seeds Consulting som har bidrege med teknisk spisskompetanse. Saman har dei gjennomført utvikling, design, overføring frå tidligare løysning og integrasjoner med andre system i tillegg til drift, vidareutvikling og brukarstøtte.
For meir informasjon:
- Thomas Torjusen, Norsk Toppfotball – 934 986 93
- Jørgen Andreassen, Netlife Research, telefon 481 06 199
- Steinar Magnussen, Seeds Consulting, telefon 957 31 083
Lenkjer:
- Netlife Research: www.netliferesearch.com
- Enonic : www.enonic.com
- Qbrick: www.qbrick.com
- Seeds Consulting: www.seeds.no