Velkomen til Leverandørkonferansen 2022

Hødd Fotball inviterer til årets Leverandørkonferanse på Quality Hotel Ulstein, torsdag 5. mai!

Leverandørkonferansen er ein av dei viktigaste møteplassane for den maritime industrien i regionen, og kvart år kjem nokre av dei fremste næringslivsleiarane å delar sine synspunkt på marknaden og korleis dei trur utsiktene ser ut. Difor er det særs viktig å vere til stades for å høyre om bransjen si framtid.

Leverandørkonferansen har blitt arrangert i over 20år og ca. 200 deltakarar har vore med på konferansen kvart år. 

Innkjøparar og andre leiarar frå blant anna følgande bedrifter deltek på årets konferanse: 

Ulstein Group, Kongsberg Group, Island Offshore, Green Yard Kleven, Myklebust Verft og mange fleire bedrifter vil vere til stades.

ENERGI OG FRAMDRIFT 

Energi og framdrift er årets tema på konferansen og her vil næringslivsleiarane seie litt om kva utfordringar og moglegheiter som dei ser for seg i det grøne skiftet. 

PROGRAM 

I år har vi kanskje det mest spanande programmet på veldig mange år med fleire store namn med fagleg tyngde og erfaring innan bransjen. Kven som kjem på årets Leverandørkonferanse vil bli publisert den komande månaden. 

Følg difor med framover på www.leverandorkonferansen.no 

Programleiar under årets konferanse er Jan Åge Fjørtoft. 

Hødd Fotball ynskjer deg hjarteleg velkomen! 

Annonse: