Vegard Håheim-Elveseter ut 2027

Vegard Håheim-Elveseter har fornya kontrakta si med Hødd og blir med vidare ut 2027.

Etter ein tøff skadeperiode har Vegard jobba sterkt for å kome seg tilbake på fotballbana – og no ventar nye år i blått.

– Vegard har vore gjennom ein tøff periode med skadar, men har på imponerande vis jobba seg tilbake og har framtida framfor seg, seier hovudtrenar Marius Bøe.

– Det er gledeleg at han no har signert ny kontrakt med Hødd og er klar for å jobbe steinhardt vidare i eit godt utviklingsmiljø.

Vegard sjølv ser fram til tida som kjem:

Eg er veldig glad for å signere ein ny avtale med Hødd. Eg føler klubben har noko spanande på gang, og det vil eg vere ein del av. For utviklinga mi trur eg ikkje det finst så mange betre plassar å vere enn her. Eg gler meg veldig til fortsetjinga.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist ser eit stort potensial i Elveseter:

– Vegard har jobba steinhardt for å kome tilbake etter kneskade, og er verkelegt inne og konkurrerer om speletid. Han er ein kraftfull spelar med poeng i seg, og vi er sikre på at vi kjem til å sjå mykje til han i tida framover. Vi er veldig glade for å få fortsette reisa i lag.

Vi gratulerer Vegard! 

Annonse fra Obos-ligaen: