VEGAR KLAR FOR HØDD

Vegar Granvold Berntsen signerte i dag ei kontrakt med Hødd ut 2019-sesongen!

Vegar er keeper og kjem frå Elverum Fotball. Han har også tidlegare vore innom Nardo i 2014. 

Sportssjef Andrè Nevstad seier dette i ein kommentar:

- Vegar har vore på besøk med oss to gonger i vinter slik at vi har blitt bedre kjent både på og utafor bana, no har vi blitt enige om ei kontrakt ut 2019-sesongen. Etter at Jan-Lennart ga beskjed om at han ikkje blir med for fullt komande sesong, var det klart at vi ønskte å komplettere troppa med ein ny keeper. Vegar er ei fin type som vil passe fint inn i gruppa og bidra i keepertemaet på ein god og konstruktiv måte. I tillegg til Ole-Monrad og Vegar har vi også Joakim G. Ulstein på rekruttlaget som vi trur vil ta nye steg i si utvikling det komande året. Dermed er vi bra «skodd» på keeperplassen, og vi ønskjer Vegar velkomen til Hødd!

Berntsen: - Veldig fornøgd med å bli Hødd-spelar

- Eg er veldig fornøgd med å bli Hødd-spelar. Det har vore ein lang prosess, men begge partane har vore tolmodige og no ser eg fram til å bli ein del av laget. Ole Monrad er ein god keeper og eg håper vi kan pushe kvarandre på trening slik vi tek nye steg begge to. Det å ha konkurranse om plassen er berre sunt og er noko eg er vandt med frå tidlegare klubbar, seier Vegar G. Berntsen.

Vi ønskjer Vegar velkomen til Hødd!

Annonse: