
Uavgjort mot Vålerenga 2
Laga stod igjen med eit poeng kvar i ein jamn og tett kamp laurdag ettermiddag.
Laurdag ettermiddag møttast Vålerenga 2 og Hødd til kamp på Intility Arena. Kampen opna jamnt – ingen av laga var dominerande i banespelet og begge sleit med å skape dei store moglegheitene. Manglande presisjon på siste tredjedel hjå begge lag gjor at sluttproduktet ikkje var godt nok.
Etter ei tam opning på kampen kom gjestane oftare til på siste tredjedel, men den siste pasninga eller avslutninga satt ikkje heilt enda. Bendik Rise hadde blant anna eit skot forsøk frå distanse som gjekk utanfor. Samme mann avslutta også på eit frispark frå distanse, men forsøker gjekk utanfor. Markus Naglestad hadde også to forsøk - det eine blei mål, men scoringa vart annulert for offside. Det andre forsøket var eit skot i muren på eit frispark frå god posisjon.
Men målet skulle Hødd få like før pause. Mannen med over 300 kampar for Hødd, kaptein Steffen Moltu, steig til værs på ein corner frå Bendik Rise. Veteranen sette pannebrasken på ballen og stanga gjestane i føringa. 0-1! Resultatet stod seg også til pause.
Etter pausen opna Hødd best, utan å imponere. Men sjansar til å auke leiinga til 2-0 vart det! Markus Naglestad blei spelt fri i bakrom utan å få avslutta på mål frå skrått hald, medan samme mann serverte Bendik Rise på ein overgong litt seinare i omgangen. Midtbanespelaren avslutta mot lengste hjørne, men Vålerenga-keeperen fekk ein fot på ballen. To relativt store sjansar som ikkje gjekk forbi keeperen og inn i nettmaskene.
Dessverre var det heller Vålerenga som skulle få scoringa og si utlikning. Innbyttar Marcus Victorio fekk ballen ute til høgre. Kantspelaren drog seg inn i bana og curla ballen i lengste hjørne. Stang inn og 1-1 var eit faktum. Ei flott scoring!
Etter utlikninga gjekk begge lag for sigeren. Hødd endra blant anna om formasjonen, sette Steffen Moltu fram som spiss og bytta inn Joachim Osvold og Robin Hjelmeseth i jakta på ei scoring. Gard Holme – trenar for Vålerenga 2 – gjor også nokre offensive bytter. Kampen bølga fram og tilbake. Eirik Franke Saunes hadde ein stor sjanse, men avslutninga frå skrått hald frå 10 meter vart redda av keeper. I tillegg hadde vertane nokre småsjansar.
Kampen såg ut til å ebbe ut til 1-1 utan dei store sjansane. Men på ein dødball til Hødd like før slutt skulle det bli dramatikk. Ballen blei klarert, før Hødd sende ballen inn i feltet igjen. Eit offensivt bortelag som jakta 2-1 kom ikkje først på ballen inne i 16-meteren. I staden fekk Vålerenga klarert og kom på ei kontring. Heile fire Vålerenga-spelarar kom sprintande mot Eirik Franke Saunes og Ole Monrad Alme. Dei spelte seg til ein opplagt moglegheit, men heldigvis fekk Alme ein finger på ballen. Ei glitrande redning – som gjor at vi fekk med oss eit poeng heim!
Hødd: Ole Monrad Alme, Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu, Daniel Eid, Bendik Rise, Marius Hagen (Robin Hjelmeseth, 5 min), Andreas Breimyr (Joakim Wrele, 28 min), Magnus Myklebust (Joachim Osvold, 14 min), Markus Naglestad.
Neste kamp er mot Egersunds på Høddvoll førstkommande laurdag kl. 17.00! Vi håpar på godt oppmøte og god støtte i denne kampen også!
Heia HØDD!