Uavgjort for Hødd 2

Onsdag kveld spelte Bergsøy og Hødd 2 treningskamp på Havila Stadion Fosnavåg. Kampen enda med uavgjort 1-1.

Annonse:

Det var det gjestande laget som var best i fyrste omgang. Mange gode angrep enda i fleire målsjansar, men den nødvendige presisjonen var ikkje tilstades til ei kvar tid. Like før pause skulle skåringa likevel kome - ved Didrik Sereba - eit innlegg som lurte seg inn på bakerste stolpe.

I andre omgang var det ein jamnare kamp. Begge laga var gode i press-spelet sitt, som gjorde det vanskeleg å få dei gode gjennombrota. Det einaste målet i denne omgangen var det Bergsøy som stod for - eit skot frå 20 meter, signert Roar Amundsen.

I tillegg til målet hadde både Bergsøy og Hødd 2 sjansar til å gå opp i leiinga, men godt forsvars- og keeperspel gjorde at kampen endte 1-1.

Godt fornøgd med kampen

- Eg synes vi gjer ein god første omgang der vi styrer spelet, er tålmodige med ballen og har god bevegelse foran ballførar. I tillegg er vi gode i presset vårt og har alltid press på ballførar. I andre omgang justerer Bergsøy seg litt, men vi handterer det på ein god måte. Sjølv om kampen er jamnare så er vi det førande laget. Kjekt å få ein god prestasjon mot eit godt lag. Og veldig kjekt at mange av dei yngste spelarane i troppa viser seg frå ei god side - men det overrasker meg ikkje. Det gror godt, seier rekruttrenar Sander Håskjold Nyland.

Tropp

Sivert Pieroth, Joakim Ulstein, Bam Hide, Daniel Eid, Saki Ushey, Preben Sætre, Eirik Saunes, Isak Skotheim, Bastian Myklebust Rasmussen, Isak Haanes, Håkon Brautaset, Didrik Sereba, Iver Roald, Amanuel Hagos, Daniel Haanes, Sondre Gjerdsbakk, Sindre Kleiven.

Neste kamp er mot Larsnes/Gursken komande onsdag 8. Mars.

Annonse fra Obos-ligaen: