Tysdag startar Hødd gatelag

Tysdag 2. september er det første trening med Hødd gatelag.

- Vi gler oss! Dette kjem til å bli svært bra! Vi har mellom anna vore på besøk hos AaFK for å sjå korleis dei driv gatelaget sitt, og det var inspirerande. Vi kjem til å ha to treningar i veka, tysdagar og fredagar. Vi tilbyr gratis lunsj i forkant av treningane. Hødd Fotball stiller med treningstøy, som etter trening blir vaska av klubben og gjort klar til neste økt. Vi har også fotballsko til dei som treng det, seier Lars-Petter Rønnestad, ansvarleg for Hødd gatelag.

Her er tidene:
  • Kl. 11.00: Lunsj på Høddvollhuset.
  • Kl. 11.30: Oppmøte på Høddvollhuset for dei som ikkje vil ha lunsj.
  • Kl. 11.45: Vi går i garderoba og får utdelt utstyr til trening frå klubben.
  • Kl. 12.00: Trening i ein time.
  • Kl. 13.00: Oppsummering av dagens trening og takk for i dag.
  • Tilgang til garderobe fram til kl. 14.00.
Dette er Gatelaget:
Gatelaget er eit lågterskeltilbod for menneske som står utanfor arbeidslivet og fellesskapet, og som ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og trygt miljø. Tilbodet er rusfritt og ope for alle som har eller har hatt rusutfordringar.
 
Fotball for meistring og fellesskap
Gjennom faste treningar, måltid og sosialt samvær skal Gatelaget vere ein arena for fysisk aktivitet, meistring og nye relasjonar. Her er det plass til alle – uansett bakgrunn, erfaring eller fotballnivå.
 
Gratis og ope for alle
Du treng ikkje ha erfaring frå fotball eller idrett – det viktigaste er at du møter opp. Hødd Fotball stiller med utstyr og fotballsko viss du treng det.
 
Eit samarbeid for lokalsamfunnet
Gatelaget i Hødd er ein del av den nasjonale satsinga i regi av Fotballstiftelsen, og vert til i samarbeid med lokale aktørar og støttespelarar. Målet er å bruke fotballen som verktøy for å skape nye moglegheiter for menneske som treng det mest.
Annonse fra Obos-ligaen: