Tynset neste motstandar

Eit lag i storform går for nye 3 poeng!

Hødd A-lag damer er i storform og har tatt 7 av 9 moglege poeng dei siste tre kampane. Laget tek derfor med seg ein solid dose sjølvtillit inn i oppgjeret mot Tynset laurdag.

Heimelaget Tynset opna sesongen bra, men står no med tre strake tap i serien. På laget sine tre siste seriekampar har laget tapt mot Molde (5-0), Volda (3-0) og Tiller (3-0). Med det har laget slept inn heile 11 mål dei siste tre kampane. 

Vi rekna med at heimelaget vil stramme inn defensivt før denne kampen, og at laget vil ligge kompakt og satse på kontring. Hødd har vore gode i det siste og vil nok styrke mykje av banespelet.

Når laga spelte mot kvarandre på Høddvoll i Mai, så endte kampen med 0-0, men her burde det endt med 3 blåkvite poeng. Dessverre vart det ikkje slik og laga måtte dele på poenga i denne kampen.

Denne gongen trur vi Hødd blir for sterke, fortsetter den gode trenden og tek med seg 3 poeng heim til Ulsteinvik.

Kampstart 13.00!

Vi ønsker laget lykke til i bortekampen mot Tynset!

Sjå bileteserie frå heimekampen mot Tynset i Mai.

Annonse: