TUSSA HAR SIGNERT NY HOVUDSPONSORAVTALE MED HØDD FOTBALL

Tussa har inngått ein ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for 2021-sesongen!

Hødd Fotball og Tussa har blitt einige om ein avtale for 2021-sesongen. Tussa har vore ein solid og trufast støttespelar over fleire år og vi i Hødd Fotball er særs glade for å forlengje dette samarbeidet. Tussa sin logo vil derfor pryde Hødd-drakta i topp- og breiddefotballen det neste året. 

Kommunikasjonssjef, Ann Kristin Einbu
- Hødd er ein av dei største klubbane på søre Sunnmøre, og betyr mykje for mange. Her lærer barn og unge å vere i aktivitet, føle samhald, lagand og inkludering. Dette er vi i Tussa glade for å støtte. Tussa er ein lokal leverandør av breiband, IT, installasjon og straum, og vi ønskjer å gi noko tilbake til lokalsamfunnet der vi driv verksemda vår. Frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til kjekke stader å bu, arbeide og besøke, og Hødd Fotball er ein klar bidragsytar til dette. 

Marknadsansvarleg Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol
- Vi ønsker å takke Tussa for ein god dialog og ryddig prosess. Hødd Fotball er særs takksame for at Tussa forlenga samarbeidet med Hødd Fotball og fortsette som hovudsponsor. Tussa har vore med Hødd i mange år og er ein særs viktig aktør i lokalsamfunnet, og denne avtalen gjer at vi kan fortsette å halde oppe det gode aktivitetstilbodet som vi gir i klubben. Ein solid støttespelar som vi ser fram til å samarbeide med vidare det komande året!

Hødd Fotball ønsker å takke Tussa for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid vidare.

Annonse: