Tussa har signert ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball

Hødd Fotball og Tussa er einige om ein ny avtale som strekkjer seg ut 2028-sesongen.

Annonse:

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Søre Sunnmøre, med lange tradisjonar for å bidra til berekraftig utvikling, verdiskaping og samfunnsbygging i regionen. Gjennom sitt sterke engasjement for lokal idrett har Tussa vore ein viktig støttespelar for Hødd Fotball over tid.

No er det klart at Hødd Fotball og Tussa har signert ein ny treårsavtale som sikrar vidare samarbeid fram til 2028. Med avtalen på plass held Tussa fram som hovudsponsor for klubben, og partane forsterkar eit samarbeid som har vore viktig for begge over lang tid.

Hødd Fotball er svært glade for å ha Tussa med vidare på laget.

– Tussa er ein svært viktig samarbeidspartnar for Hødd Fotball. Dei deler mange av dei same verdiane som oss, og har over tid vist eit stort engasjement for både klubben og lokalsamfunnet. Det at vi no har forsterka samarbeidet og får med Tussa vidare som hovudsponsor dei neste tre åra, betyr mykje for den vidare utviklinga av klubben. Vi takkar Tussa for gode samtalar, og ser fram til å vidareutvikle samarbeidet dei komande åra, seier marknad og medieansvarleg i Hødd Fotball – André Aurvåg Gardshol.

Den nye avtalen gir Hødd Fotball tryggleik og føreseielege rammer i arbeidet med å utvikle klubben vidare – både sportsleg og organisatorisk. Samstundes stadfestar avtalen Tussa sitt langsiktige engasjement for lokal idrett og samfunnsutvikling på Søre Sunnmøre.

– Vi i Tussa er glade for å vidareføre samarbeidet med Hødd Fotball. Hødd tek stort ansvar i lokalsamfunnet, og det engasjementet deler vi. Klubben legg til rette for aktivitet, inkludering og meistring for barn, ungdommar og andre som treng det. Slik blir Hødd ein viktig møteplass for mange, og eit fellesskap vi gjerne støttar, seier Kommunikasjonssjef i Tussa, Ann Kristin Einbu.

Hødd Fotball ser fram til å halde fram det gode samarbeidet og skape nye, positive opplevingar saman med Tussa i åra som kjem.


 

Annonse fra Obos-ligaen: