Tussa har signert ny hovudsponsoravtale

Hødd Fotball og Tussa har blitt einige om ein ny hovudsponsoravtale for dei neste to åra.

Tussa har vore ein solid og trufast støttespelar over fleire år og Hødd Fotball er særs glade for å forlengje dette samarbeidet.

- Tussa er stolt støttespelar til Hødd fotball og vi har samarbeidd med klubben i mange år. Hødd er ein av dei største klubbane i området vårt, og betyr mykje for fotballmiljøet på søre Sunnmøre. I tillegg til eit godt aktivitetstilbod for barn og ungdom, har Hødd også gjort eit solid arbeid for å løyse problemstillingar rundt utanforskap, inkludering og berekraft. Visjonen deira om å famne både topp og breidde, og vere ein samfunnsutviklar i Ulstein og regionen stemmer godt overeins med Tussa sine verdiar. Vi ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda, seier Kommunikasjonssjef i Tussa – Ann Kristin Einbu.

- Tussa har vore ein lang og trufast samarbeidspartnar for Hødd Fotball i veldig mange år, og vi er særs glade for at Tussa fortsette som hovudsponsor dei neste to åra. Med Tussa får vi ein samarbeidspartnar som har mykje av dei same verdiane som Hødd Fotball står for og vi ser fram til å utvikle dette samarbeidet vidare i åra som kjem, seier marknadsansvarleg i Hødd Fotball – André Aurvåg Gardshol.

Hødd Fotball ønskjer å takke Tussa for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid vidare.

Annonse: