TUSSA CUP - AVLYST

Hødd Fotball arrangerer Tussa Cup helga 22.- 23. mai!

FOTBALLTURNERING FOR BARN OG UNGE

Hødd inviterer til TUSSA CUP 22. og 23. mai 2021. Dette er ei ny turnering på våren for aldersgruppa 6-12 år og 13-17 år, der vi satsa på stor aktivitet og fotballglede! Med eit topp moderne anlegg og god erfaring med å arrangere barnefotballturnering, så håper vi å skape ei flott ramme for både store og små!

Meld deg på i dag!

TUSSA CUP 2021

Hødd har over 20 år arrangert Tare Cup i Ålesund på hausten for aldersgruppa 6-12 år og dette med stor suksess!

Vi ynskjer no å starte opp ei turnering også på våren for både gutar og jenter, men då i Ulsteinvik og på Høddvoll. Her kan vi tilby eit topp moderne anlegg med svært gode fasilitetar, kiosk/ kafeteria i tilknytning til stadion, to store 11ar baner, og ei 7ar bane (innandørs). Vi legg også opp til å filme enkeltkampar på hovudarenaen (Høddvoll) og vise dei på storskjerm.

Vi ynskjer å skape stor aktivitet under turneringa og vi legg også opp til E-SPORT og FIFA-turnering på Høddvollhuset, der deltakarane som er spelinteresserte kan kome innom å sjå andre spele eller prøve sjølv.

KAMPAVVIKLING

Speletid - laurdag
3-ar fotball (6 år): 1x8 min (minimum 5 kampar)
3-ar fotball (7 år): 1x13 min (minimum 5 kampar)
5-fotball (8-9år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
7-ar fotball (10-12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
9-ar fotball (12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
 
*Vi tilbyr både 7-ar og 9-ar fotball i 12års klassa.
 

Speletid - søndag
9-ar fotball (G13/ J13): 2x20 min (minimum 4 kampar) + sluttspel
11-ar fotball (G14/ J15): 2x20 min (minimum 4 kampar) + sluttspel
11-ar fotball: (G16/ J17): 2x25 min (minimum 4 kampar) + sluttspel

Det blir både A-og B-sluttspel.

Det vert spelt fotball etter NFF sine spelereglar. Alle lag i aldersgruppa 8-12 år vil få minst ein kamp på hovudarenaen. Aldersgruppa 6-7 år vil spele sine kampar i Ulsmohallen under gode forhold uansett vær.

PÅMELDING

Frist: søndag 9. mai

 

BETALING

Pris:
kr. 650 pr. lag (3-ar)
kr. 900 pr. lag (5-ar og 7-ar)
kr. 1100 pr. lag (9-ar og 11-ar)

Betaling av påmeldingsavgift, ved påmelding.
Prisen inkluderer transaksjonsgebyr for påmelding.

Om ein trekker laget etter onsdag 12. mai, vert ikkje påmeldingsavgifta refundert.

*Blir turneringa avlyst grunna restriksjonar frå myndigheitene, så vil vi refundere heile påmeldingsavgifta.

Turneringslink: http://tussacup.cups.nu/

TURNERINGSREGLEMENT

FAKTA

  • Turneringsleiar: Per Arve Moldskred

  • Telefon: 99 41 70 11

  • E-post: [email protected]

  • Arrangør: IL Hødd Fotball

  • Turneringssponsor: Tussa

  • Generalsponsor: Sparebanken Møre

Annonse: