Tusen takk!

Hødd Fotball ønsker å rette ei stor takk til alle involverte, både før og under "Årets kamp" mot Kongsvinger.

Høddvoll var søndag pynta til folkefest, og det vart fullt hus (under gjeldande smittevernreglar) på tribuna. Arrangementet vart meget vellukka med mykje aktivitet på Høddvoll, med blant anna korpsmusikk, elbilmesse, grilling og FIFA-turnering.

Dette arrangementet hadde ikkje gått utan den enorme støtta frå lokalmiljøet, med Sparebanken Møre i spissen. Vi takkar alle bedrifter og privatpersonar for støtta til klubben. Det har bidrege som ei veldig god inntektskjelde til klubben, og ikkje minst til gode opplevingar for mange på Høddvoll.

Dessverre gjekk det ikkje heilt vegen ute på bana med 0-0 mot Kongsvinger. Hødd pressa for scoring med kjempestøtte frå publikum, men bortelaget klarte å holde tett bakover og kunne dermed reise heim med eitt poeng i bagasjen. Med det har Kongsvinger ei luke frå toppen på fire poeng ned til Hødd (med ein kamp til gode).

Spelarane og støtteapparat la uansett godt merke til Hødd-publikummet, og heile Hødd Fotball takkar for støtta mot Kongsvinger. Den tolvte mann lever i beste velgåande, noko vi håper vil halde fram vidare!

Sesongen held fram utover hausten, og Hødd har framleis alt å spele for. Sjølv med ei lita luke opp til Kongsvinger, så er ingenting avgjort. Andreplassen som gir kvalifisering til OBOS-ligaen er også vår i skrivande stund.

Vi håper DU har hatt gode opplevingar frå Høddvoll, og også vil støtte laget utover den spennande hausten. Allereie laurdag 25. september tek vi imot Asker til det som igjen blir ein toppkamp på Høddvoll.

TUSEN TAKK FOR STØTTA, OG VEL MØTT TIL NESTE KAMP!

Annonse: