Treningskamp mot Volda

Torsdag kveld kl. 19:00 spelar A-lag dame treningskamp mot Volda heime på Høddvoll.

Vi har derfor tatt oss ein liten prat med hovudtrenar Ronny Osnes før kampen mot Volda.

- Andre kamp og første treningskamp heime blir kult. Laga kjenner kvarandre godt, og for vår del ønsker vi å sjå igjen det vi har jobba med. Får eg det, skal eg vere ganske happy. Det er framleis nye relasjonar som skal byggjast og vi kjem til å gi fleire moglegheit til å vise seg fram. Mellom anna er det god sjanse for debutantar i kampen mot Volda. Ønsker det gode defensive arbeidet frå kampen mot Molde skal byggjast vidare på. Og som nemnt sjå igjen det vi har jobba med på trening. Får vi til dette vil også sjansane for siger vere gode, og det må vi gå for! Kjekt om folk tek seg ein tur, og forventa det skal bli ein jamn og fin kamp, seier Ronny Osnes.
 

Vi ønsker laget lykke til i treningskampen mot Volda.

Annonse: